Kategoriarkiv: Ukategorisert

Skifte av beite

No i august 2023 er det akkurat 30 år sidan eg skifte beite i yrkeslivet. Etter over 20 år som yrkesutøvar i museum kraup eg opp på «byråkrat»-gjerdet, der eg hadde oversyn over heile museumslandskapet. Heilt sidan studietida hadde eg nok vore tiltrekt av rollen som observatør, på jakt etter mønster og samanhengar. I museumskvardagen vart det sjeldan tid til observerande analysar. Då galdt det å få ting til å skje, ofte kjapt, for å kunna gjera eit museum relevant for ei pulserande omverd. Absolutt interessant og gjevande, spesielt åra på Maihaugen, der me fekk rammevilkår i samband med OL-utbygginga som gjorde det mogeleg med ei omfattande utbygging, i alle fall samanlikna med det som var vanleg på 1980- og -90-talet. Då tida som åremålstilsett nærma seg slutten, passa det godt med eit skifte då utbyggingsprosjektet var gjennomført i 1993. Rolla som utgreiar og etter kvart forfattar av kulturpolitiske dokument passa meg godt. Som kulturbyråkrat var det mogeleg å observera og analysera ulike saksfelt med tanke på å stimulera til meiningsfull utvikling. Samstundes måtte ein vera heilt innforstått med at det som kunne verka fagleg fornuftig, ikkje alltid vart oppfatta som politisk fornuftig og ynskjeleg. Det gjer spenningsfeltet mellom faglege vurderingar og politikk ekstra interessant.

Då eg skifte beite for 30 år sidan, fekk eg eit todelt arbeidsliv; den fyrste halvparten som aktiv i museumsfeltet, den andre halvdelen som observerande byråkrat. Begge halvdelane var prega av at eg var heldig med rammevilkåra, som det heiter i byråkratspråket.

Share

Byråkratiet

Byråkratiet er eit trygt landskap å vera i. Ingenting er svart eller kvitt. Det finst berre gråfargar, minst 51 nyansar, kanskje fleire.

‘Kanskje’ er eit hovudord i navigasjonsspråket, det same er ‘men’, men det bør ein ikkje seia høgt.

Vegane i byråkratilandskapet har aldri ljoskryss, berre rundkøyringar. Finn ein ikkje ei høveleg utkøyrsle, kan ein surra rundt og rundt ei stund. Det er alltid nokon som dultar til deg og får deg ut i ein blindveg. Der kan ein gøyma seg ei stund, studera grånyansar og kanskje oppdaga nye. Samfunnet får aldri nok av grånyansar, det trengst som motvekt mot alt det fargerike som trugar med å overmanna oss.

Det beste for oss byråkratar er at andre har ansvaret for det me gjer, politikarar og slikt. Det er alltid godt å ha folk til å ta ansvar, spesielt når det er snakk om skuld. Æra kunne me nok ha klart å bera sjølve, men å la andre ta æra, er nok prisen å betala for å sleppa skuld.

Me byråkratar forstår kvarandre utan å bruka for mange ord. Utanforståande trur ikkje på det, fordi dei tykkjer me er altfor ordrike når me kommuniserer med omverda. Dei forstår ikkje at det trengst mange ord når ein eigentleg ikkje har so mykje å seia.

Det viktigaste hjelpemiddelet ein byråkrat har, er rutinar. Ein byråkrat utan faste rutinar eksisterer berre i teorien. Eller sagt på ein annan måte: ein byråkrat utan rutinar kan ikkje vera byråkrat. Då bør han heller vera politikar eller eit vanleg menneske.

Share