Kategoriarkiv: Funksjonshemma

Hjelpeløyse

Prøver å setja meg inn i
kjensla av hjelpeløyse,
når det meste
må gjerast av andre
for å kunna ha
eit liv;
prøver å forstå
korleis livet er
når kjende og ukjende
auser ut omsorg og medkjensle
for å gjera hjelpelause
kvardagar til,
ja, nettopp,
kvardagar,
dei daglege gjeremåla som
bind alle tomromma
av ingenting saman
til ei skinande rekkje
av augneblinkar
der høgrearmen maktar
å kasta ballen på den kjegla
nokon har sett opp
for deg,
å treffa med ein ball
midt i
hjelpeløysa.

Eg prøver å forstå,
men gjer det nok ikkje.

Share

Meistring

Ytre sett viser fotografiet ei sokalla «woodblock», eit enkelt slaginstrument, som i dette tilfellet har vorte brukt mykje. Instrumentet har sikkert tolt tusenvis av slag. Bak det skamfarne ytret gøymer det seg eigentleg ei lita meistringssoge. Instrumentet tilhøyrer sonen min, ein sterkt funksjonshemma mann i 40-åra. Han har cerebral parese etter ein fødselskade, må sitja i rullestol, har sterkt redusert språk og må ha hjelp med alt. Han er ein av dei som signaliserer til ukjende folk alle begrensingane som kapslar inn livet.

Høgrearmen fungerer so nokolunde. Det gjer at han kan eta litt sjølv, kan kasta ball og elles utføra enkle praktiske gjeremål, slik som å slå takten på ei «woodblock». Musikk har i alle desse åra betydd mykje for han. Best likar han rytmisk musikk, med gammaldans som ein klar favoritt. Det er tydeleg at han «forstår» musikken, men maktar ikkje å slå takten slik som me andre klarer det. Alle rørsler med høgrearmen går svært seint. Kommunikasjonen mellom hjerne og arm fungerer dårleg. Han har likevel lært seg ein teknikk der han fell inn med taktslag anten fyrst i ein melodi, eller på siste taktslaget. Me kan sjå korleis han konsentrerer seg intenst om å høyra på melodien for så å koma med eit kraftig slag på slaginstrumentet på siste taktslaget. Han lyser opp i andletet og viser for all verda at jau, eg klarte det denne gongen òg. Same teknikken bruker han på songtekstar, der han kjem inn med rett ord på siste ordet/stavinga i ei line, eller det siste ordet i verset. Slik kommuniserer han uventa aktivt med dei rundt seg og får ofte positive tilbakemeldingar om kor flink han er til å hugsa songar.

Meistring er på ingen måte det fyrste folk vil tenkja på når dei som ukjende møter sonen min. Mange vil nok leggja merke til alt han ikkje kan gjera og utføra. Det er lett å forstå. Han maktar likevel å formidla og oppnå sosial kontakt trass alle begrensingane. Og den skamfarne «woodblocka» viser for all verda at bak eit tilsynelatande hjelpelaust ytre lever det eit musikalsk sinn som bokstavleg talt meistrar å slå seg inn i musikkgleda med ei kraftig markering av siste taktslaget.

Share