Bloggarliv I

I akkurat eitt år har eg prøvt meg som bloggar. Du er faktisk lesar nett no og vert registrert i statistikken min. Interessant erfaring i grunnen; eg har lært ein del nytt, både om meg sjølv og om samhandling i nettheimen.

I fleire tiår har eg praktisert kommandoskriving, dvs. det er arbeidet eller oppdragsgjevarar som har bestemt kva eg skal skriva om. Heilt greitt; eg har opplevt mykje spennande og underleg som kommandoskrivar. Og i røynda har eg hatt stor fridom når det gjeld korleis eg skal uttrykkja meg. Men etter kvart som pensjonisttilværet nærma seg, fann eg ut at eg ville prøva å skriva etter eige hovud og litt meir for moro skuld. Difor fekk eg eit innfall om å starta ein blogg. Hausten 2013 krabba eg opp i bloggtoget utan eigenleg å vita kva det ville innebera. Det veit eg for so vidt ikkje no heller, sjølv om eg har lært litt.

Fyrste reaksjonen frå den yngre garden i familien var interessant. Blogging er ikkje for besteforeldre, foralde ungguten. Det er unge jenter som driv med slikt. Berre det i seg sjølv er grunn nok for ein bestefar til å opponera på ein konkret måte. Skulle berre mangla om ikkje folk som har nokre år på baken, skal kunna vera med i den store meiningsutvekslinga i nettheimen!

Snart forstod eg at det er ein føremonn å finn eitt, eller i alle fall berre nokre få tema som ein skriv om og gjerne om velvære. Eg forstod også at ein må publisera noko ofte, helst kvar dag, elles vil dei som snublar over tekstane dine, snart gløyma deg.

Begge desse prinsippa ville eg bryta. Éin gong for veka får vera nok, fann eg ut, i alle fall for min eigen del. Ny tekst kvar fredag er ei passeleg avslutning på arbeidsveka. So får eg heller leva med at somme er so gløymskne at dei ikkje hugsar å sjå etter meg kvar fredag. Å avgrensa meg til eitt, eller berre nokre få tema, vil eg heller ikkje. Når ein skriv for moro skuld, skal det meste kunna vera tema. Ei anna sak er at eg i ettertid ser at eg har ein uvane, eller tendens – for å vera meir nøytral – til å skriva om språk og ordbruk. Ikkje så rart når ein i heile arbeidslivet har vore avhengig av å uttrykkja seg skriftleg. Elles er det ein stor fridom å kunna velja tema fritt og lata augneblinken råda i formuleringsleiken. So får heller den såkalla bloggprofilen vera litt utydeleg.

Med ein marknadsføringskompetanse som ligg på minussida, fann eg ut at eg må plaga kontaktane mine på Fjesboka for å fortelja at her er eg med tekstane mine. Det har resultert i ein fast rutine kvar fredag for å minna om ny bloggtekst. Bloggarlivet inviterer til rutineliv, og takk for det!

Éin reaksjon var litt uventa, i alle fall vil eg gjerne tru at det var uventa. Etter kvart som eg forstod at fjesbokvener bruker likarknappen når dei les noko, vart eg oppteken av å sjekka kor mange og kven som likar tekstane mine. Det er nesten som å opna karakterboka kvar helg for å sjå. Og då kjem dei urolege analysane: Er bloggen berre ei patetisk formuleringskrampetrekning frå ein som er på veg ut av arbeidslivet? Det er lett å verta freudiansk i hovudet i slike sjølvsentrerte stunder. Andre gonger er eg glad for at nokon uttrykkjer seg positivt om det dei har lese. Etter kvart har eg fått ei avslappa haldning til «likinga». Så lenge det er moro å bloggskriva, og stendig fleire der ute les kvar veke og i tillegg gjev positive tilbakemeldingar, er dette ei form for overskotsfenomen. Det er frivillig å skriva, og det er endå meir frivillig å lesa.

Det enkle bloggarprogrammet som eg bruker, har sjølvsagt ein statistikkfunksjon som registrerer kor mange som er inne på dei ulike tekstane. Ikkje uventa har tekstar der eg har vore kritisk, harselerande eller litt flåkjefta, og som dessutan har vorte påakta av ulike medium, fått størst lesarskare. Meir uventa er det at somme av dei små, enkle tekstane mine i knekkprosa-form har vekt etter måten stor interesse. Dette illustrerer det spennande ved å kasta seg ut i nettheimen kvar fredag frå låg høgde og utan å trengja fallskjerm: det einaste ein veit, er at det kjem både laurdag og sundag etter kvar fredag.

Share

Én kommentar til “Bloggarliv I

  1. Elisabeth Jones

    Ja, dette var en ærlig tilnærming til blogger-statusen…jeg synes det er spennende med dine fredags-ytringer! Bare fortsett med dette! ??

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.