Dei utskilde

So er me der på ny, attende til systemtenking og menneskesyn slik me opplevde det på 1950- og 1960-talet. Dei som er annleis og som treng hjelp i livet, høyrer eigenleg ikkje til i normalsamfunnet. I skule og arbeidsliv ser me klåre tendensar til at dei som er annleis, funksjonshemma eller utviklingshemma, skal skiljast ut frå samfunnet. Dei bør haldast for seg sjølve. Den enklaste måten å gjera det på er å samla dei i eigne grupper. I skulen vert nærskuleprinsippet erstatta med nye spesialskular eller spesialklassar. Det er viktig at dei får vera saman med likesinna, heiter det. Då slepp dei nederlaga som vil koma dersom dei skal vera med dei sokalla «funksjonsfriske», er ein annan påstand. Sanninga er vel at sterke lærarkrefter og kommunale administrasjonar tykkjer at det er for mykje bry og ekstra utgifter med å la utviklingshemma elevar vera i lag med jamaldringar. Kronargumentet er alltid at ved å samla lærarkrefter og hjelpesystem i ein spesialskule, får dei «robuste» fagmiljø som kan hjelpa elevane på ein betre måte. Då er det ikkje so viktig at elevane frå tidleg barndom lærer at dei ikkje høyrer til i storsamfunnet. Dei høyrer til der ute, utanfor samfunnet. Og medelevar lærer at dei andre, dei som er annleis, dei høyrer til der ute, utanfor den fellesskapen som dei som ikkje er funksjonshemma, skal byggja for seg og sine.

I bustadsamanheng ser me den same utviklinga. Stendig fleire kommunar vil byggja mini-institusjonar, der utviklingshemma og hjelpetrengjande skal samlast i eigne meir eller mindre avlukka samfunn. På ny er det argumentet om sterke fagfellesskap som vert hovudgrunngjevinga. Når mikrofonar er avslåtte og journalistane er langt unna, snakkar både politikarar og administrasjon om at det kostar for mykje å inkludera dei som er annleis, i det sokalla vanlege samfunnet. Inkludering og integrering går ut over alle dei godene som «normalsamfunnet» gjerne vil løyva til seg sjølv.

Det er sjølvsagt råd å finna forteljingar om hjelpeapparat som lukkast brukbart både med inkludering og integrering. Det er likevel ein aukande tendes til at dei utskiljande tankane, dei som somme gonger er direkte diskriminerande, vinn meir og meir gehør hjå dei som styrer. Difor saknar eg ein Arne Skouen som i si tid sette ljoskastarane på det grunnleggjande kyniske i det menneskesynet som so lett vil skilja ut alle som ikkje heilt passar inn. Eg saknar dei stortingspolitikarane som på 1980- og 1990-talet forstod og tok inn over seg at også dei som er litt annleis enn fleirtalet, har eit menneskeverd. Eg saknar fleire omsorgsbyråkratar som forstår at dei som treng litt ekstra hjelp, fortener å verta møtte som einskildindivid med ulike føresetnader og ulike behov. Aller helst burde dei som er litt annleis, i størst mogeleg monn vera ein del av oss andre. Dei burde inkluderast og integrerast i det store «oss».

Det vil sjølvsagt ofte vera grenser for kva som er mogeleg å oppnå, men det er alltid einskildindividet som skal vurderast, ikkje kva gruppe den einskilde kan puttast i. I dag ser det ut til at det viktigaste er å kartleggja alle avgrensingane hjå dei personane det gjeld, for på den måten å kunna finna rett bås der dei kan plasserast, helst for alltid. Potensialet for å verta ein del av «normalsamfunnet» er det lett å oversjå. Dette er ei form for omsorgsapartheid som gjer meg stundom skuggeredd. Endring er på ingen måte alltid det same som framgang.

Share

4 kommentarer til “Dei utskilde

  1. Lisbeth Myhre

    Bra innlegg, men ikke bruk begrepet funksjonsfrisk. Det leder til at funksjonshemmede er syke og det er de ikke alltid. De som ikke er funksjonshemmet (enda) er et bedre uttrykk.

    Svar
  2. berit byrkjeland

    likar det slett ikkje. vi over 60, pensjonistlag, turopplegg for grupper av eldre, for ikkje snakk om alle helseråd og informasjon om medisinske problem som alle eldre treng hjelp med. Sjølv om me har vårt å stri med etter som åra går, er me like ulike no som då me var unge. Eg vil vera saman med alle generasjonar, få impulsar og prøva å hanga med i alt dette ny me. lyt forhalda oss til , om det er ei utfordring og me heng bakpå . Det er bra med opplegg for eldre menmen. det kan vera litt ekskluderande og temmeleg deprimerande av og til. .Dette tenkte eg litt på no. du er inne på ei viktig side av samfunnsutviklinga. dette er nok noko utanfor tema,

    Svar
  3. berit byrkjeland

    fyrste delen av innlegget har falle ut. Samfunnet går mot gruppe – inndeling på mange felt. Folk skal settast i bås. er me vane med å omgåst alle ,så tenker me mindre på at alle ikkje er standar, det skal dei heller ikkje vera. Dei må og få ta del i livet, då greier dei seg betre. vi eldre er no ei gruppe

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.