Ubeden gjest

Brått, utan varsel, tok ein ubeden gjest hus i familien. Som ein rømling frå det medisinske ordtilfanget beit han seg fast i sjølve familienavet, det levande, engasjerte og omsorgsfulle medmennesket som alle søkte til når livet leita på, ho som med kjærleg omsorg og klokskap alltid tok seg av alle andre.

Ubeden gjest grein mot oss i hatefull omsorg, tynte ut krefter i den som var råka, skapte eit kjenslekaos av sjokk, sinne og fortviling, utfordra tankar om rettferd, voner om framtid og meininga med livet.

Ubeden gjest kunne ikkje kastast på dør, kunne ikkje lokkast vekk med godord eller muting, ubeden gjest rådde seg sjølv, tvinga oss alle til å verta sterke for å vera svake.

Ubeden gjest lét etter seg ei sorgfull skodde av sakn. Midt i all skodde-eim skimtar me likevel ljosglimt av takksam glede. Glede over å kunna minnast alle dei gode stundene, sterke minne om eit rakrygga og raust menneske, som skapte eit kraftfelt rundt seg som me fekk vera ein del av, minne om eit varmt og omsorgsfullt medmenneske som alltid var der når det trongst.

Ikkje eingong ein ubeden gjest kan øydeleggja minna.

Share

5 kommentarer til “Ubeden gjest

  1. Brynhild Lægreid

    Eg vil med dette få lov å gje uttrykk for medkjensle vedrørande Annemor sin bortgang.
    Samstundes vil eg takke for dei gode minna me har etter å ha vitja dykk i heimen dykkar på Lillehamar då borna mine var små.
    Eg minnest også Annemor frå tida vi gjekk i Øystese i lag og frå leikarring og gamaldans. Det var ei svært fin tid. No eg er gamal, strøymer minna på frå ungdom og oppvekst. Eg er svært takksam for at eg vaks opp i den tida eg gjorde.

    Venleg helsing
    Brynhild

    Svar
  2. Gerd Opedal

    Så treffande du skriv om det me ikkje vil skal henda , men som me likevel må tola. og så vondt det er å oppleva at livet ikkje er rettferdig. Nokon må tola mykje, andre slepp lettare. Eg trur at eg i nokon grad forstår kor vondt det har vore og framleis er med denne ubedne gjesten. Men når livet no likevel går vidare, har de alle med dykk den omsorga og klokskapen Annemor delte med dykk, og det blir verande.

    Med vennleg helsing

    Gerd Opedal

    Svar
  3. Anne Marie Smeland

    Det er så fint å lesa det du skriv. DU er flink til å sette ord på ting.
    Lykke til med bok!

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.