Jonsok

Jonsok var den store hendinga i året for systrene mine og meg då me vaks opp i Hellelandshagen mellom Helleland og Ernes. Mogelegvis kunne jolaftan ha same valør, men jonsok var nok likevel hakket betre, for då kunne me få dansa. Som born av ein spelemann var me nok meir danseorienterte enn dei fleste jamaldringane våre. Jonsok for oss var barnebryllaup med dans, og festen skulle vera over to dagar, både jonsokaftan (23. juni) og jonsokdag (24. juni). Jonsok skulle feirast på dei rette datoane; ikkje tale om å tilpassa feiringa til den næraste helga. Og så fekk me ha finstasen på, bunadene.

Minna mine går attende til perioden 1953 og utover. Både vaksne og born frå Ernes, Hellelandshagen, Helleland, Eidnes og Lofthus-garden samla seg til fest jonsokdagane. Dei andre grendene i Opedal og Ullensvang hadde òg sine jonsokfestar. Eitt av dei fyrste jonsokminna mine er frå jonsokdans i Sigvors-løa på Eidnes. Ho var pynta med bjørk, og eg hugsar lukta av nyhoggen bjørk, av flor og gamalt turrhøy.  Inne sat Jakob Ystanes og spelte fela og Sverre Ringøy basa på trekkspel. Stemninga var høg, og saman med spelemennene stod Halldor Utne og tok opp musikken på ein Tandberg bandopptakar. Han var tidleg ute med opptakarutstyr og film og dokumenterte mykje frå bygdene frå 1950-talet og utover. Når eg hugsar det så godt, er det nok fordi musikkopptaket er bevart for ettertida, og eg har høyrt det mange gonger. Denne augneblinken med eggjande felemusikk, vaksne og ungar som dansar, skrattar og kosar seg, er inkarnasjonen av jonsokfest for meg.

Me ungane stod for mykje av sjølve tilskipinga med litt hjelp av dei vaksne. Saman med ein kamerat hadde eg tilskipingsansvar for fleire jonsokfestar. Det viktigaste var å få låna ledig løe. Aller helst ville me låna Sigvors-løa på Eidnes, men ho var ikkje alltid tilgjengeleg. Me lukkast likevel alltid å få ein tilhaldsstad. Når det nærma seg datoane, måtte me ordna med løyve til å ta bjørk og dra greinene til husar og få dei på plass som pynt.

Me ungane avtalte mellom oss kven som skulle gjera kva. Somt måtte kjøpast, og me hadde eigen bankkonto som me disponerte saman med mora til ein kamerat. Hovudinntekta var sal av brusflasker, både store og små. Sal av brusflasker var ein liten vitskap, på sin måte. Me tok inn bruskassar frå Samvirkelaget. Det som var att etter festen, fekk me levera attende. På den tida hadde alle flasker skikkeleg kork, og me tilbaud små eller store spikarhol i flaskekorkane, alt etter kor lenge kjøparen ville at flaska skulle vara. Nokre frå slukhalsar med godt om pengar ville ha korken av, men dei fleste ville ha små spikarhol i korken. Det galdt å få flaska til å vara så lenge som mogeleg. For mange av oss var 17. mai og jonsok dei høva me hadde til å meiska oss med brus.

Levande musikk kunne også vera ei utfordring. Dette løyste me på vår måte. Pengane på jonsokkontoen vaks, og me fekk råd til å kjøpa ein Tandberg bandopptakar. Far hadde saman med Torstein Hus (Marenhus) på piano spelt inn eit lydband med danseslåttar. Me fekk laga ein kopi av dette bandet, og dette såkalla jonsokbandet surra og gjekk som dansemusikk på fleire jonsokfestar på slutten av 1950-talet. Me ungane dansa med kvarandre. Utpå kvelden fekk me dansa med dei vaksne, når dei kom sigande etter florstid. Me fekk vera så lenge dansen varte, dvs. me rusla heimover i eitt-to tida begge nettene.

Eg var mellom dei gutane som var brudgom. Truleg var eg ikkje så vanskeleg å be sidan brura var ei jente som eg ikkje hadde noko i mot. Løna for å vera brudgom var ei flaske brus, sannsynlegvis med små spikarhol i korken. Tidleg ettermiddag samlast me ungane hjå brura, der me fekk saft og kaker. Deretter gjekk me i prosesjon til Hotell Ullensvang, der turistane kunne sjå og fotografera oss. Deretter gjekk me i flokk og fylgje til løa, og så kunne dansen ta til. Det året eg var brudgom, heldt me til i gamlestova på Gjernes-bruket på Lofthus.

Som sagt, for mange av oss var jonsok fyrst og fremst dans og sannsynlegvis ein svært effektiv danseskule. Jonsokfesten var òg eit fyrste glimt inn i vaksenverda, med ungdomar som tøysa med kvarandre, gutar som skulle gjera inntrykk på jentene som arbeidde på hotellet og dei vaksne karane, som litt på ein lette skulle gjera seg kostbare før dei tok konene med i ein dans. Det var ei vibrerande stemning som me sansa etter kvart som me vart større, men som me likevel ikkje heilt forstod der me saug til oss nye og ukjende inntrykk på veg inn i ungdomslivet.

Seinare har eg sett dei løene der me heldt til. Små rom, der det er vanskeleg å førestilla seg at mange folk kunne dansa. Slike gonger vender eg meg innover i meg sjølv, til dei blankpussa minna om jonsokfestane. Somme delar av livet gjer seg utan tvil best i minnet, der me kan setja på dei filter som trengst for å skapa på nytt alle dei sanseinntrykka som gjorde jonsokfestane til høgdepunkt i eit gryande ungdomsliv. Jonsok for meg vil alltid vera lukt av bjørk, av gamalt turrhøy og flor, lydar av felemusikk og glade folk som dansar og subbar på ujamt løegolv medan dei skrattar og ler. Jonsok er kjensla av at kroppsrørsler og musikk finn saman, medan ein undrar på om dansepartnaren kjenner det same. Jonsok er kort og godt kjensle av liv, eit liv som kan vera leikande og lovande.

Publisert fyrste gong 30. mai 2014 i Hardanger Folkeblads sommarmagasin.

Share

3 kommentarer til “Jonsok

  1. Nils Trones

    Vekkjer mange gode minner, speielt dette med Jonsokbandet, og om eg ikkje hugsar feil, er det Jonsokvalsen etter Halldor Meland, Jakob Instanes spelar her. Halldor Meland var forøvrig fødd på jonsokaftan i 1884.

    Svar
    1. Magne Velure Innleggsforfatter

      Det stemmer, Nils; det eine opptaket på jonsokbandet med Jakob Instanes vart gjort i Sigvors-løa, som me kalla henne. Det var Halldor Utne som gjorde opptaket; han var svært tidleg ute med både film- og lydbandopptak.

      Svar
  2. Berit.byrkjeland

    Ypperlig god skildring av stemninga i danseløa. Att born og unge fekk læra av dei vaksne er beste måten å føra tradisjonene vidare til neste generasjon. Alt då var du ein god leiar og organisator. No er desse tradisjonane diverre på veg ut. Ikkje er det eigna løer att heller.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.