Kappleikar

Det er over 60 år sidan eg fyrste gong var på ein kappleik. Det var Vestlandskappleiken i 1956 som vart skipa til i det staslege ungdomshuset i Granvin. For lesarar som ikkje har eit langt liv med kappleikar, kan eg forklara kort at ein kappleik er ei folkemusikkstemne, der spelemenn og dansarar møtest, for dels å konkurrera med kvarandre under oppsyn av domarpanel, men fyrst og fremst for å spela og dansa saman og markera gleda over å høyra og sjå musikk og dans. Det store arrangementet er den årlege Landskappleiken. I tillegg er det lokale og regionale kappleikar, slik som Vestlandskappleiken, som også er årleg.

Mor og far, som var spelemann, tok 10-åringen med, og me skulle bu på pensjonat i Granvin. Eg kunne merka den glade og forventningsfulle stemninga når foreldra mine møtte kjenningar; det var andre spelemenn, stundom med koner, men ikkje sjeldan utan koner. Under sjølve kappleiken sat eg langt framme i salen saman med mor. Ho forklarte meg kva som skjedde og kom med kommentarar når ho tykte nokon spelte godt. Utanom den forventningsfulle stemninga er det to konkrete minne eg ber med meg. Det eine var då gravensaren, storspelemannen Anders Kjerland (1900-1989) spelte slåttane sin for domarane. Trygg og staut sat han der på scena. Mor bøygde seg mot meg og sa «Han kjem til å vinna». Det stemte. Seinare lærte eg Anders godt å kjenna. Det andre konkrete minnet var då eit godt vakse par, Brita og Håvard Traa, dansa rudl. Dei meistra den tilsynelatande enkle, men likevel vanskelege dansen på ein måte som gjorde inntrykk på ein 10-åring med ei vaknande interesse for folkemusikk og -dans.

Seinare har eg, med lange opphald innimellom, vore innom ein del kappleikar, som utøvar, som domar, som frivillig, som programleiar, men mest som observerande publikum frå utsida. Sjølve konkurranse-elementet har eg stundevis hatt litt kritisk distanse til. Samstundes ser eg korleis konkurranseforma samlar folk rundt ei felles interesse for gode utøvarar i musikk og dans. Stundom maktar utøvarane å festa grepet i store publikumsforsamlingar, som kan vera svært lydhøyre for dei gode prestasjonane. Stundom samstemmer det med domarmeiningane, andre gonger ikkje. Dei fleste som vankar i kappleikmiljøet, har fått med seg at resultatlistene i tevlingane endrar seg frå år til år. Ulike domarpanel saman med ulike prestasjonar gjer at over tid vert det eigenleg eit mangfald av utøvarar som står fram som dei beste til kvar tid. Ein viktig dimensjon er at miljøet sjølv over mange tiår har utvikla heile kappleikksystemet, utan innblanding frå eksterne «ekspertar».

Ein klår kvalitet med kappleikane er generasjonssamværet, dette at unge og gamle møtest innanfor same referanseramma. Dei unge oppsøkjer dei etablerte for å få inspirasjon og å læra. Ofte vil dei uformelle og mindre møtestadene, der spelemenn spelar og dansarane praktiserer dans som sosial omgangsform, ikkje som tevlingsinnslag, vera dei store opplevingane.

Det er éin ting som har eg slått meg etter å ha observert kappleikslivet ein del år: når folk i miljøet skal omtala musikken og dansen, er det vel knapt nokon som snakkar om «folkemusikk» eller «folkedans». Det er omgrep som utanforståande grip til, som ei form for leksikalsk informasjon for å forstå kva dei har ramla borti. Dette er eit klassisk døme på korleis merkelappar vert laga av dei som står utanfor, som ei form for navigeringshjelp. For dei innvigde i kappleiksmiljøet er det berre tale om musikk og dans. Det gjeld kunstnarlege uttrykksformer som dei har lært å tykkja mon i, som dei meistrar og forstår, og som gjev dei store opplevingar. Bindestreks-merkelappane trengst ikkje når ein Ottar Kåsa, Leif Rygg eller andre av storkultane briljerer og fester tonegrepet om sansane til dei av oss som gjerne lèt oss fjetra.

Share

2 kommentarer til “Kappleikar

  1. berit byrkjeland

    Eg kjenner meg så att. Kappleikar deltok eg ikkje på, men eg har opplevd det same. I unge dagar var er i leikarring, og stemner var ein del av livet i ein altfor kort periode. Men eg har alså dansa med Anders Kjerland. Det hadde seg slik. Det var storstemne i Granvin. mannen og eg skulle vera med å dansa. Dette var i 1968, og eg hadde 3 små . den yngste var fødd 2. april det året, så eigentleg var det vel galskap å reisa. ikkje hadde me bil heller, så det var ikkje berre å snu heim att i ei snøggvende. Festen var på laurdagen. Det vart mykje dans og lite søvn. Me overnatt hjå Kristoffer Kjerland. Etter stemna på sundagen samlast me der. Kristoffer, Anders, ogein kjend spelemann frå Voss ( hugsar ikkje namnet, men eg trur ikkje det var Rygg. han var eldre) eine dotter til Kristoffer og mannen. der var fleire og. Så starta spelet. Å du og du. Likar har eg aldri høyrt, dei dreiv kvarandre, skulle vera best, og fylgde på. Me anka heim, til borna, utfaren var eg og hadde sikkert mjølkespreng og. Men fara, nei. litt skjenkte var dei nok, men ikkje så det gjekk utover spelet. Så tok Anders til å nysa, du verda.!! var vist ikkje så uvanleg det. Til sist måtte han legga fela bort. Då ville han dansa, med meg. spelemenn hadde me, og lett var eg. Rudlen måtte verta kort , men da gjekk. resten er gløymt.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.