Fjordutsyn

Augo svevar
som sansedronar
ut over
fjordlandskapet,
syg inn
fargepikslar frå
bakkar, haugar,
lier, fjelltoppar,
endelause rekkjer
av frukttre,
og som eit funklande
sentrum
– fjorden.

Sansane formar ei
fargeutskrift
der landskapet fyllest
med levd liv,
mykje levd liv,
kvardag og helgedag,
strevande voner,
luftige draumar,
tunge lagnader,
solfylte augneblinkar
av lukke,
og midt i det heile
– fjorden.

Fjorden slepper ikkje
taket.

Share

Én kommentar til “Fjordutsyn

  1. Hans Edv. Olsen

    Flott hyllest til fjorden! Eg tenkjer å bruka også dette diktet i «Hardangerjol 2017» etter tilråding frå H. Wallevik. Kan vi og få trykkja bildet? Har du det og i god oppløysing og kan senda det til : anneberit@nhstrykk.no Har du og namnet på fotograf og bildeeigar?

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.