Karastol

Dette er både eit sakleg og politisk ukorrekt innlegg. Sakleg ukorrekt fordi ordet «karastol» ikkje finst i ordbøkene. (Rettnok er det eit døme i Norsk Ordbok, «karstol», men det er i tydinga karmannsstol = stormannsstol, og det passar ikkje på nokon måte med det ordet eg treng i denne teksten). Teksten er politisk ukorrekt fordi eg skriv om skilnader mellom menn og kvinner, berre tufta på eigne, subjektive tolkingar. Stundom må ein kar likevel ta nokre sjansar i livet.

Her om dagen fekk eg oppleva ei udelt glede å vera fylgjesvein til to oppegåande damer som skulle sjå seg om i klesbutikkar. Eg var med heilt frivillig og delvis som kjentmann for gater og adresser. Det var berre det at kunnskapen om gatene og adressene var svært omtrentleg. Heldigvis hadde me bra med tid til disposisjon, slik at damene kom dit dei skulle og fekk sjå det dei ville. I ein av butikkane stod det ein stol straks innanfor inngangsdøra. Straks eg var innkomen, plasserte eg meg i denne stolen medan eg prisa butikkeigaren for på denne måten å ta omsyn til at karane kan trengja å kvila føter og rygg på slike vandreturar i butikkar som berre tenkjer på kvinner. Butikken stilte rett og slett opp med ein karastol. Stolen var rettnok forma slik at det nok ikkje var tanken at nokon skulle sitja der lenge. Det gjekk ikkje mange minutt før ryggen fekk sterke assosiasjonar til pinefulle variantar av kyrkjebenker. Det var likevel fullt mogeleg å kvila skrotten på denne stolen medan eg kunne sjå korleis «mine» damer og andre sirkla rundt i lokalet på jakt etter noko dei likte, men kanskje ikkje trong. Etter ei tid såg eg andre karar som slentra rundt ikkje langt frå meg. Dei gjekk nok og venta på at eg skulle vera ferdig med kvilestunda i karastolen slik at dei kunne få ei stund sjølve. Men nei, akkurat der og då hadde eg berre medkjensle med meg sjølv.

Etter kvart kunne eg overlata stolen til andre trengjande. Damene var fornuftige og fann ut at garderobeskåpa heime inneheld mange nok plagg som ikkje vert brukte. Dei gjekk tomhendte ut frå butikken, medan eg hadde fått friske vandrekrefter etter ei velfortent stund i karastolen. Fyrst mange dagar seinare slo det meg at mi tolking av at dette var ein karastol, sjølvsagt berre var eit utslag av tankelaus mannssjåvinisme. Sjølvsagt kan både menn, kvinner og born sitja på denne stolen straks innanfor inngangsdøra. Både kviling og liding vil vera lik for alle. Men illusjonen om at det var ein karastol, gjorde godt så lenge han varte.

Share

4 kommentarer til “Karastol

  1. Borgny

    Artig om karastol. Likte ordet. Det er jo det som er så fint med norsk språk at me kan lage nye ord i det uendelige berre ved å sette dei ı hop.
    Eit døme på korleis dotter vår viste kreativ språkbruk då ho var 3-4 år: Det fangst ikkje barnehage på den tid, så Me hadde hushjelp som ein dag ikkje var fornøgd med sausen ho hadde laga til middag. Men han er ikkje så vond som han ser ut te, sa ho. Då måltidet var over, sa Ingunn: Eg likte slik serutesaus, eg!
    God helg!

    Svar
    1. Magne Velure Innleggsforfatter

      Artig historie. Ja, dei nordiske språka er svært rike og fleksible fordi me kan setja saman orda på mange måtar. Diverre er det mange som trur at dei må skriva etter engelsk mønster, der særskriving er det normale.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.