Lyden av ein slutt

Dei siste vekene har vore fylte med mange små og store aktivitetar i lag med flinke folk i eit framifrå arbeidslag. Saman har me gjennomført ein musikkfestival som gjekk over fem dagar.  Frå morgon til langt på natt har det vore møte, samtaler, telefonar, e-postar, sms-ar og meldingar på Fjesboka. Intenst, hektisk, men fyrst og fremst moro etter kvart som tilbakemeldingar frå deltakarar og publikum kunne tyda på at opplegget vårt fungerte for alle som var med.

Så lenge ein er i farten, merkar ein ikkje at ein er trøytt eller sliten. Framdrifta i arbeidsoppgåvene og all positiv energi frå omverda held deg gåande med ei innvendig, varsam glede.

Når du så forlèt festivalområdet, legg stilla seg som ein skoddedott rundt deg. Då møter du lyden av noko som er slutt. Minna fyller deg med brokkar av samtaler, møte med trivelege folk, gode replikkar og omen av ei menneskemengd som kosar seg på dansegolvet, i matteltet eller på uteområdet. Lydminna er fulle av liv og livsglede. Samstundes veit du at når minna tek over i kropp og sinn, då høyrer du lyden av ein slutt. Er du heldig, kan det vera vellyd.

Share

2 kommentarer til “Lyden av ein slutt

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.