Å treffa spikaren

Dei fleste gongene treffer eg ikkje
ordspikaren på hovudet
når eg langar ut med kraftige
formuleringsslag for å slå
den rake spikaren fast ned
i meiningsplanken.

Att står ei rekkje med skeivslegne
og krokute spikrar,
med bøygde spikarhovud
prøver dei å fortelja at
meininga var nok
god,
heldig at tommeltotten
ikkje vart kvesta.

Share

2 kommentarer til “Å treffa spikaren

    1. Magne Velure Innleggsforfatter

      Tusen takk, Birgit! Kjem forresten på ein liten lesetur i Hardanger tidleg i novmember.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.