Stikkordarkiv: adverb

Sjukt god idé

I gamle dagar, då eg var ungdom, skulle me ikkje spøkja med sjukdom. Me var glade so lenge ikkje sjukdom heimsøkte familie og kjenningar. Dessutan var sjukdom noko distriktslækjaren skulle ordna med; i verste fall vart det tur til sjukehuset i Odda.

No er det so mykje som er sjukt. Til dømes er det mange idrettsstjerner som støtt og stendig er sjukt glade når dei har vunne. Ein må nok vera fødd og oppvaksen som medlem i forteneste-generasjonen for å forstå sjukdomsdimensjonen ved glede. Med avgrensa innsikt og fornuft er det umogeleg å forstå at ein kan verta so glad for noko at ein vert sjuk. Dei seinaste tiåra har det kome for dagen mange nye sjukdomar og diagnosar, som var heilt ukjende før, og som heldigvis opplevest ukjende i dag òg. Det kan vera éi av årsakene til at det er so mykje som er sjukt godt, sjukt seint eller sjukt stort. Det meste kan visstnok vera «sjukt» eit eller anna.

Når ikkje sjukt er sterkt nok, er neste steg «sinnsjukt». Du og du so mykje sinnsjuk glede det ser ut til å finnast! Det må vera eitt eller anna sterk ynske om å presentera seg sjølv i eit dramatisk ljos. Vanlege forsterkande adverb held ikkje mål lenger for å forsvara ein plass i rampeljoset. Ingen ting er interessant med mindre det inneheld dramatiske eller konfliktskapande dimensjonar. Det vanlege og udramatiske er kjedeleg og burde eigenleg ikkje finnast.

Sjå berre på overskriftseinfaldet i media. For fleire månader sidan var eg litt flåkjefta og kritiserte i harselerande form ein kulturinstitusjon. Radio og presse fylgde opp og presenterte innlegget mitt med overskrifta «Raser mot xxx». Eg påpeikte at for meg var det stor skilnad mellom raseri og ironisk harselas, og etter ei tid vart overskrifta modifisert.

I lang tid har eg undra meg over dette språklege einfaldet som ser ut til å rå i overskrifter i fleire medium. Kritiske merknader vert til «slakter x og y» eller til «raser mot». I sportsjournalistikken vert konkurrentar eller rekordar «knuste» av vinnarane. Det som slår meg, er at desse personane sannsynlegvis aldri har vore i nærleiken av slakteprosessar eller nokon gong knust stein med slegge.

Her om dagen møtte eg Kvitanesen. Han var litt bleik om nebbet og fortalde at han hadde vorte skræmd av ei overskrift der det stod at «XX slakter regjeringa». Han undra forsiktig på kor bokstavleg dette kunne vera. Rettnok hadde han lært at ein ikkje skal tru alt ein høyrer og halvparten av det ein ser, men det er noko eige med slikt som står på trykk. Det kan stundom vera noko sant i det. Både Kvitanesen og eg har vore med på slakting, so me hamna i ein drøs om slaktemetodar. Grisar vart skotne med slaktemaske, medan sauene vart slegne i hovudet med øksehammaren. Det viktige for oss gutungane var å røra i blodet som vart tappa av dyra i bytter og spann straks dei var daude. Når blodet var tappa, var det å gå fort inn på kjøkenet medan ein rørte i blodet heile tida for at det ikkje skulle storkna og verta ubrukeleg til blodpannekaker eller blodkurv.

Kvitanesen fekk det skarpe blikket som er so typisk når han kjem på noko glupt. «Me to kan laga eit kurs i slakting for mediefolk! Eg veit om nokon i Ulvik som enno har lov til å driva med heimeslakting. Det kan vera eit helgekurs der me startar med samling på torsdagskvelden. Då held eg eit ljosbileteforedrag om slakting i Ulvik frå Kristi fødsel til i dag. På fredagen går sjølve slaktinga for seg, medan laurdagen skal brukast til å laga blodmat og mat frå innvolane. På laurdagskvelden har me stor fest i løa, der mediefolka får eta sjølvlaga mat i tillegg til hakkasteik og smalahovud frå lokale leverandørar. Gjennom heile kurset serverer me heimabrugg og sider i rikelege mengder. Dei som orkar, reiser heimatt sundagskveld, men eg vil tru at dei fleste treng vera til måndags ettermiddag. Dette er ein sinnsjukt god idé!»

Kvitanesen ser spørjande på meg. Eg kan ikkje anna enn å stadfesta at dette er ein framifrå idé. Det ville vera ein strålande måte å gje mediefolk realistisk kunnskapsgrunnlag for det dei skriv. Me skildest med eit fast handtrykk og var samde om å skriva ein felles søknad om oppstartsmidlar frå Innovasjon Norge og Fritt Ord. Det står berre litt skrivearbeid att.

Share

Terningspel med ord

Dei trillar ut på formuleringsbordet,
det eine ordet etter det andre,
hulter til bulter.

Substantiva breier seg,
bryskar seg og er
høgrøysta.
Gje plass, her kjem
me!

Adjektiva smiskar seg
innpå substantiva,
vil hjelpa til, eller
dekkja over det
substantiva manglar.
Litt småfrekke, desse adjektiva,
øydelegg lett stemninga
når dei klengjer seg innpå.

Adverba er sære og
litt vanskelege for den som
skal bruka dei;
favorittorda til lærarar
med raudpenn.

Preposisjonar og konjunksjonar,
irriterande småord
som med altfor stor rett
hevdar at utan dei
er det ingen samanheng.

Så var det desse
pronomena,
sjølvsikre små tassar
som glid innimellom
dei andre ordterningane;
overlag viktige
for orden og meining
og som skil «oss» frå
dei «andre».

Sjølve dronningterningen
får alltid siste ordet;
det avgjerande verbet
gjev liv, fart og
retning til
formuleringsspelet;
verba gjer vendingane
kveikjande, forklarande,
undrande, smeikjande,
stundom sårande,
men alltid
meiningsfulle
i det livslange terningspelet
med ord.

Kva gjorde me
utan ord?

Share