Stikkordarkiv: altfor mange ord

Altfor mange ord

Dei dukkar opp,
nesten kvar dag,
dei mange som sender frå seg
altfor mange ord,
ord som legg seg
på kvarandre
som smør på flesk,
glatte, utflytande
ordskrottar,
som klumpar seg saman
i ugjennomtrengelege
buntar.

Eg søkjer livd i
ei diktsamling,
hjå meisteren,
syg til meg
fåmælt livsvisdom:
«Tåre,
du tarv ikkje falla,
eg veit du er salt.»

Sitatet er frå Olav H. Hauge: «Tåre, du tarv ikkje falla» i samlinga «Under bergfallet» (1951).

Share