Stikkordarkiv: aning

Aning

Du må gjerne gje meg
visse,
stunder der eg veit og
forstår,
der eg er trygg og
sikker.
Det er likevel
dei anande stundene
som fargelegg dagane,
når ord som “kanskje” står
i kø,
når tolkingsviljen er i
fri dressur,
når ord og handlingar
formar vidopne
aningar.

Share