Stikkordarkiv: avstandstid

Normalt

Brått,
som ei snjoskrede i Velure-fjellet,
brasar eit usynleg, uhumskt virus
inn i kvardagen,
skapar ei avstandstid
der ordbruken krinsar om
alle tenkelege
varianter av «krise»

Eg drøymer om ord frå
ei anna tid,
nær i dagar,
men fjern i innhald,
ord som me kunne
sjå på
som kjedelege og gråe,
ord som me kunne
tøysa med og le av.

«Mot normalt», sa Leif Juster
og fekk oss til
å le.
No fantaserer eg om
å kunna gå inn i tider
der uttrykket «som normalt»
er noko anna enn ei
normalisering
av det unormale.

Share