Stikkordarkiv: bjørkelauv

Gulnande bjørkelauv i august

På bjørka lyser eit gulnande lauv
tidleg i august,
førebels er det åleine på treet,
noko for seg sjølv,
rundt det struttar dei grøne,
friske lauva,
dei blafrar lette og ledige
i ein svak seinsommarbris,
åleinelauvet strevar med å
halda seg fast på greina,
kjenner korleis festet
losnar,
veit med seg sjølv at
om ikkje lenge
vil eit vindpust føra det av garde
gjennom treet
ned på grasbakken,
veit at når tida er inne,
vil alle dei frodige grønlauva
finna gulfargen og
slå fylgje ned på grasbakken,
det er berre eit spørsmål
om tid,
alltid eit spørsmål
om tid.

Share

Dei dagane

Dei dagane
når solstrålane smett
gjennom skoddedottane,
når vinden smeikjer skjelvande
bjørkelauv,
når barnehanda søkjer hjelp
frå ei aldrande sjel,
når augekontakt skaper ei
lågmælt forteljing om
gjensidig respekt og
samspel,
når tonar får kroppen til
å røra seg i sanseleg rytme,
når ein møtande smil smeltar
fjorårs-kulden,
– nett dei dagane vil eg samla på
og leggja varsamt
i minneskåpet som ber skiltet
«gode dagar».

Share