Stikkordarkiv: bloggtekst

Nummer 250

Ja, eg veit, det er ein nesten inkjeseiande tittel på ein bloggtekst. Men sidan eg er både forfattar og redaktør for min eigen blogg, gjer eg nett som eg vil, anten det er vist eller gale. Eg kjenner rett og slett ein trong til å markera, både for meg sjølv og andre, at dette er bloggtekst nummer 250, korkje meir eller mindre. Og kva betyr no det? For meg er det eit konkret vitnemål om at det har vore mogeleg å finna noko å skriva om kvar veke i snart fem år, viss ein berre vil. Nei då, det er slett ikkje snakk om storverk, men om små-pludrande og ofte lettbeinte formuleringar, som ein del personar i nettheimen set pris på. Dei aller fleste er ukjende for meg. Det er berre dei som markerer på Fjesboka at dei les tekstane mine, som eg kan identifisera.

Etter kvart har det laga seg eit mønster. Eg kan t.d. sjå kva type tekstar som kvinner likar best. Det er knekkprosa-tekstane; kanskje ikkje heilt uventa. Tekstane med Hardanger-minne er meir likeleg fordelte mellom kjønna. Det same gjeld tekstar der eg set eit skråblikk på situasjonar og hendingar. Eg burde sikkert ha reindyrka meir både tema og form for på den måten å tilpassa meg eit lesande publikum. Men det gjer eg ikkje. Eg lèt meg meir enn gjerne styra av innfallsmetoden, eg skriv om det eg kjenner for der og då. Det er meir som ei form for sein-pubertal senior-trass. Mangel på raud tråd vert famleis eit kjennemerke for Jakobs bok.

Det er også påfallande at dei få gongene eg har lagt inn eit foto eller illustrasjon i teksten, går lesartalet opp. Fjesboka er den einaste reklamekanalen eg bruker, og det er ikkje tvil om at i Fjesboka når innlegg med foto best gjennom til mottakarane. Me utviklar oss kanskje til eit mediekonsumerande folkeslag som festar oss meir og meir ved dei visuelle uttrykka. Det skrivne ordet skal støtta under det visuelle. I slike samanhengar får det skrivne ordet mindre og mindre eigenverdi. Sjølv strevar eg med å vilja innsjå det. Eg vil enno hevda at det skrivne ordet ofte har eit rikare assosiasjons-spenn og ein meir mangslungen kjensle-klangbotn enn det dei visuelle uttrykka maktar å kalla fram. So lenge eg finn det føremålstenleg å halda fram med desse småtekstane i seniorbloggen min, vil eg halda meg til det skrivne ordet. Enno er det somme som likar det. Og med ei veksande gruppe seniorar burde framtida vera rimeleg ljos, også for ein seniorblogg som er tufta på det skrivne ordet.

Share