Stikkordarkiv: bodskap

Feiloppleving

Hausten 2018 fekk Regjeringa sterk kritikk frå Stortinget i samband med den såkalla terrorsikringssaka. I ordskiftet sa statsministeren at Stortinget hadde «feilopplevd» informasjonen frå Regjeringa. Naturleg nok vart det litt oppstyr over at statsministeren på denne måten laga eit nyord som tok sikte på redusera den sterke kritikken.

Sjølv om «feilopplevd» var ein ny variant, har me i lang tid sett andre døme på korleis det i ordskifte kjem fram forsøk på å ta brodden av kritikk frå ein motpart. Me har fleire gonger sett korleis nokon ber om orsaking dersom nokon kjenner seg krenkte eller fornærma. Både feilopplevd informasjon og orsaking på vilkår er uttrykk for ei haldning som det er all grunn til å reagera på. Det er eit forsøk på å vri seg unna ansvar ved å leggja skuld på mottakaren av ein bodskap. Det er brot på eit grunnleggjande prinsipp i kommunikasjon mellom to partar, nemleg at dersom ein bodskap vert mistolka eller mistydd, er det avsendaren som har hovudansvaret. Dersom nokon har vanskar med å skjøna det eg seier eller skriv, er det eg som har mislukkast, ikkje den som høyrer eller les. Som avsendar er det eg som har plikt til å ordleggja meg slik at folk forstår meg. Eg har ikkje berre plikt til det, eg har all interesse av at dei som skal kommunisera med meg, forstår kva eg seier og meiner.

For all del, eg har også opplevd at somme vil mistolka og vera svært selektive i kva dei vil oppfatta. Det er eit velkjent, men likevel svært dårleg, diskusjonsknep. Det endrar slett ikkje hovudprinsippet om at det er avsendar som har hovudansvaret for korleis ein bodskap vert oppfatta. Å gje seg til å tolka korleis mottakaren «opplever» informasjonen, eller å insinuera at mottakaren ikkje er i stand til å forstå, er som oftast eit forsøk på å vri seg unna sitt eige ansvar. Dessutan er det respektlaust overfor mottakaren, som sjølvsagt skal bestemma kva ho/han opplever.

Presis ordbruk kan me alle møta på ein fornuftig måte, anten me likar innhaldet eller ikkje. Derimot er det respektlaust å verta fortalt at me «feilopplever» det som vert sagt eller skrive, spesielt når personar i maktposisjonar vil tuska til seg den tolkingsretten.

Share