Stikkordarkiv: bøker

Bak fram

I gamle dagar, på den tida då eg kunne lesa i avisene at fjernsynet var på veg inn i kvardagslivet til dei som hadde råd til det, forstod eg det slik at berre viktige, kloke og flinke folk fekk sleppa til i denne fjersynsruta. Nokre tiår seinare, då eg i vaksen alder kom i nærkontakt med mediet, var eg ikkje fullt så overtydd om at ein plass i fjernsynsruta var identisk med visdom, kunnskap og klokskap. No har eg kome til at vilkåret for å få koma til i fjernsynet er at kunnskap og visdom bør vera fråverande. Berre høyr på dette: eit alvorleg og taleført eksemplar av manneætta fortalte og demonstrerte i praksis korleis bokhyller tek seg mykje betre ut når bokryggane vert snudde inn i hylla. På den måten vil bok-opningane lysa i mot deg, alle nesten like og heilt anonyme. Kanskje vil du leggja merke til dei bøkene som du har opna ofte, fordi dei vil vera litt meir breispora enn dei bøkene som står der ulesne, samanknepte og smalspora.

Folk som kjem på slike formastelege idear, må ha eit overutvikla ynske om å verta lagde merke til fordi dei er stuttenkte. Dei kan aldri ha forstått at med bokryggen visande inn i rommet kan me som likar bøkene på grunn av innhaldet, raskt finna ut kven som har skrive boka og kva ho heiter. Me kan setja opp bøkene i alfabetisk rekkefylgje etter etternamnet på forfattar, ja, til og med etter førenamnet, om me vil vera litt sære. Ei heil yrkesgruppe, bibliotekarane, er avhengige av å kunna identifisera bøker rask og effektivt for å kunna hjelpa oss som stendig er på leit etter nye, spennande bøker. Det er ikkje lett når bokryggane står inn i bokhylla. Slik plassering er å senda bøkene inn i absolutt anonymitet. Det er å plassera bøkene bak fram.

Eller, stopp no litt! Kanskje er det slik at å plassera bøker med bokryggen visande inn i rommet er å setja bøkene bak fram? Til vanleg reknar me vel det slik at ryggen er baksida, medan opningar ofte er plasserte på framsida. Slik sett er bokryggen å rekna som ei baksida. Det kan difor henda at nokre få individ har fått ei form for høgare innsikt og “sett” at me i alle år har sett bøkene bak fram i bokhylla. No vil dei ha slutt på at bøker lever tilværet sitt bak fram i bokhyller. Til vanleg er eg positiv når nokon viser meg nyvinnande kunnskap. Denne gongen er eg likevel heilt sikker på at me og bøkene har eit mykje betre og rikare samliv når bøkene står bak fram i bokhylla. Det finst ting i livet som skal levast bak fram.

Share

Bokhyller

Bokhyller har éi oppgåve her i livet: å la seg fylla med bøker, publikasjonar, dokument, CD-ar, DVD-ar, ja, dei fleste fysiske former som kan romma tekst eller lydfestingar. Bokhyllelivet er å ta vare på mykje av det som kan gjera livet meir kunnskapsfylt og glederikt for oss menneske. Når ei bokhylle er full, er det eit naturleg planleggingsprosjekt å finna rom til nye bokhyller, slik at ny kunnskap og ny glede kan fylla heimen.

Slik burde det vera – alltid. Men slik er det sjeldan. No har eg i tillegg kome til ein vanskeleg fase – eg er freista til å bruka eit godt, svensk ord for å fargeleggja situasjonen – eg har kome til ein “fasansfull” fase. Eg skal forlata eit gamalt og romsleg hus, der eg har kunna supplera med nye bokhyller etter kvart som hyllene fyltest opp. Slik vert ikkje framtida. No er den “fasansfulle” utfordringa å tøma bokhyller, og eg vil ikkje ha plass til like mange bøker i det nye husværet mitt. No må eg redusera talet sterkt. Med andre ord: eg må bryta ein gledefylt, innarbeidd vane med å auka bokmengda og dermed talet på hyllemeter. For å seia det direkte og brutalt: eg må finna ut kva bøker eg skal ha med meg, og kva eg skal kvitta meg med.

Uhorvelege problem står i kø. Skal eg framleis ha med meg tiårsvis med årgangar av norske og utanlandske fagtidsskrift, publikasjonsseriar, Syn og Segn, Spelemannsbladet/Folkemusikk, osv, osv? Namnelista er uendeleg. Berre å skriva desse orda får boktraume til å stråla gjennom pensjonistkroppen. Kva skal eg prioritera, faglitteratur eller skjønnlitteratur? Kanskje kan eg la skjønnlitteraturen fara, fordi den kan eg låna på biblioteket, når eg kjenner for det. Det er verre med faglitteraturen, i alle fall den eg nesten er åleine om å ha her i landet.

Slik kvernar tankane i hovudet mitt, seint og tidleg. Det er lettare med ting, klede og sko. Anten har du bruk for dei, eller so har du det ikkje. Då handlar du deretter. Det er mykje verre med bøker. Det er knapt ei bok eg ikkje kan koma til å få bruk for ein eller annan gong i ei nær eller fjern framtid. Slik tenkjer eg, sjølv om lang erfaring prøver å fortelja meg at 80 prosent av dei bøkene eg har, har eg aldri sett i dei siste 10 åra. Men då skundar eg meg å minna meg på dei (få) gongane eg har har hatt bruk for ei obskur bok, som eg fann etter lang og grundig leiting.

Slik tvilar eg meg fram, på den vanlege måten min. Eg finn ut at nokre diktbøker eg ha med meg. Dei er heldigvis ikkje alltid so romfreke. Ein og annan romanen må òg få lov å fylgja med. Med ei blanding av magekjensle og illusorisk fornuft saumfèr eg nesten kvar bok og sorterer  i to kategoriar: éin for framleis liv i lag med meg og éin for ei framtid i lag med andre. Eg vert nok nøydd å ringja Arne-Ivar Kjerland og Nynorsk Antikvariat. Han har mange bokhyller.

Gravityscan Badge

Share