Stikkordarkiv: bokmål

Forretningsidear for ein pensjonist

No som eg ikkje har daglege, faste arbeidsoppgåver, men surrar rundt og gjer litt av det eine og mindre av det andre, er det godt å stendig oppdaga nye forretningsidear. Slike idear er gode for tanken, sjølv om dei ikkje skulle verta realiserte. Eg ser at som bloggar burde eg finna meg eit eller anna produkt som menn i min alder kan få bruk for, og so skriva om alle dei positive verknadene som slike produkt er meinte å ha. Eg har forstått at det ikkje nødvendigvis treng å vera heilt sant eller påliteleg, det eg skriv. Det må berre verka overtydande og vera med på å styrkja den individuelle sjølvrealiseringa som me alle fortener. Eg har forstått at det er umåteleg mykje me fortener. Og kritikk kan eg avvisa med at kritikarane er fanga av ein eller annan naivitet eller til og med kunnskapsløyse. Kritikarane har enno ikkje avslørt dei mange konspiratoriske kreftene som har hjernevaska dei til å hanga fast ved det som dei trur er fornuft og erfaring. Du og du kor mange samansverjingar det eksisterer der ute! Me er lette offer for slike samansverjingar; meir som nyfødde lam på våren.

Det skal visstnok vera nokon som er villige til å betala for slike bloggtekstar, spesielt dersom det er mange nok som let seg lura av det dei les. I det minste skal det vera mogeleg å å få bruka produkta gratis. Slik sett er det ei grei form for sjølvbergingshushald.

Kanskje skulle eg heller tilby taler til ordførarar eller andre prominente folk som skal meina mykje om det meste, og som støtt og stendig skal formidla meiningane sine i aust og vest, anten dei meiner noko eller ikkje. Gode pengar skal det visstnok liggja i slik taleskriving, i alle fall om ein kan få på kroken ordførarar som trur at kommunen har mykje pengar, eller som trur at som ordførar kan ein gjera omtrent som ein vil. Slike folk hyllar det private initiativet, set fart på forretningslivet og skaper arbeidsplassar. I desse digitale tidene kan eg sitja trygt og godt på Lillehammer og produsera taler i aust og vest. Eg treng berre eit tema, nokre stikkord om kva taletingaren meiner og trur, spesielt det siste. So kan eg forma ei tale slik tingaren vil ha det. Er det ein talar med normal snakkefart, klarer ho/han 100 ord i minuttet. Er det ein rappkjefta trønder, kan eg trygt rekna 130 ord i minuttet, medan ein treg innlending nok vil halda seg på 75 ord i minuttet. Om nødvendig kan eg skriva berre hovudsetningar og halda kvar setning på ca. 15 ord. Skulle det vera ynskjeleg, kan eg byta ut norske ord med engelske, men elles unngå vanlege framandord.

Slike ordførartaler varer normalt tre til fem minutt, eller for å vera meir presis: dei bør ikkje vara lenger enn det. Pris kan alltid forhandlast om, men bokmålstaler vil kosta 25 prosent meir enn nynorsktaler. Eg må alltid ha litt ekstra tid for å bruka skalpell på alle substantiva som snik seg inn i bokmålstekstar, og erstatta dei med verb. Slik språkkirurgi kostar naturleg nok litt ekstra.

Til meir eg tenkjer på det, til meir freistande er det å hiva seg på som taleskrivar. Eg kan knapt venta til fyrste taletingar høyrer av seg. Det er likevel eit stort men – om ikkje lenge vil intelligente robotar overta slik taleskriving, og då kan ikkje taleskriving vera forretningsidé lenger, heller ikkje for pensjonistar.

Share

Språk og slips

Dette hende for fleire år sidan. Me hadde site og drøfta eit notat eg hadde skrive. Samtaleparten min var ein oppegåande og hyggeleg person som hadde fått i oppgåve å vera leiar i det me kan kalla ei styringsgruppe. Saman med ein kollega hadde eg sekretariatsfunksjonen, som innebar at me hadde ansvaret for alt det skriftlege som skulle sendast ut. I notatet hadde eg drøfta korleis eg såg for meg at eit omfattande og intrikat prosjekt skulle utvikla seg sik at det vart eit vellukka resultat. Samtaleparten min var nøgd med det han hadde lese, og me var i det store og heile samde om korleis prosjektet skulle handterast.

Som vanleg hadde eg skrive notatet på nynorsk. Då me var ferdige med notatet, kom spørsmålet: «Kan du skrive bokmål like godt?» Eg må tilstå at eg vart litt forundra, men svarte at jau, eg kunne sjølvsagt skriva bokmål òg; det måtte eg kunna som offentleg tenestemann. «Vil du helst at eg skriv på bokmål?», spurde eg og fekk stadfestande svar attende. «Det er lettere å forstå,» sa han med ein orsakande og forklårande smil. I dei to åra prosjektet varte, produserte me alle dokumenta på bokmål, og me kom i mål.

Kvifor tek eg dette fram no, etter at ordinært yrkesliv er avslutta? Jau, fordi det var fyrste gongen eg i norsk samanheng fekk so klår melding om at nynorsk skriftspråk vart oppfatta som vanskeleg tilgjengeleg. Sjølvsagt visste eg at ein må tilpassa språket sitt til den samanhengen ein er i. Sjølvsagt måtte eg læra meg å skriva svensk då eg arbeidde i Sverige, og sjølvsagt har eg måtta uttrykkja meg på engelsk når eg skulle venda meg til eit publikum i internasjonale fora. I Noreg derimot hadde eg lenge levt med ei førestilling om at nynorsk og bokmål var likeverdige som språklege instrument. Ynsket om at eg helst skulle bruka bokmål i norsk samanheng, var på mange måtar å setja spørsmål ved meg som person. Sjølv om eg hadde høyrt og lese om at personar med nynorsk som fyrstespråk fekk krav om å endra språk, kom det uventa på meg.

Til då hadde eg styrt heilt sjølv kva språk eg ville bruka, i alle fall når eg skulle skriva i mitt eige namn. Eg hadde vant meg til at dei eg skulle samhandla med, kunne og ville forstå nynorsk. Eg venta respekt for den språklege identiteten min og fekk det. Som institusjonsleiar hadde eg skrive alle saksdokumenta til styret på nynorsk, sjølv om ingen i styret var nynorskbrukarar. Til og med i svenske fagtidsskrift fekk eg aksept for å skriva nynorsk.

I den store samanhengen var denne språkhendinga ikkje viktig. Sannsynlegvis har eg gjennom eit skrivande yrkesliv vore svært heldig som i all hovudsak har kunna velja sjølv korleis eg ville uttrykkja meg. Også i dei offentlege dokumenta eg har hatt ansvar for, har eg stort sett brukt nynorsk. Hendinga illustrerer likevel eit viktig prinsipp, eller rettare sagt mangel på prinsipiell haldning til språk. Denne trivelege og dyktige personen var nok vane med å ha definisjonsmakt over korleis verda var og skulle vera. Det som var lettvint for han, skulle utan vidare vera det mest føremålstenlege for alle rundt han. Det språklege universet var identisk med det han hadde lært, kort og godt. For han var språkbruk eit spørsmål på line med om slipset skulle vera blått eller raudt. Slik oppfører me oss nok ofte. Med eller utan vilje prøver me nok litt for ofte å hegemonisera kva som er føremålstenleg. Ikkje minst i språkleg samanheng kan me som på ein eller annan måte representerer språklege minoritetar, oppleva at majoritetspresset kan verta trykkjande; av og til nesten undertrykkjande.

Share