Stikkordarkiv: bubil

«Livet er for kort til å seia kanskje»

Tittelen på denne teksten såg eg våren 2017 på ein tur til Hardanger. Eg vart liggjande bak ein tysk bubil frå Granvin til Kinsarvik.»Das Leben ist zu kurz um vielleicht zu sagen», stod det med elegant skrift bak på bubilen, som var ein ombygd buss. Han tok god plass på vegen mellom Bu og Kinsarvik. Det var uråd å koma forbi doningen, so eg fekk god tid til å sjå på og tenkja over formuleringa, som visstnok skal vera eit ordtak. Det finst mange andre formuleringar som har det til felles at dei startar med at «livet er for kort…»

Det fyrste som slo meg, var at han ikkje heilt levde opp til ordtaket i køyringa si. Han heldt seg stort sett midt i vegen; han trudde nok at kanskje var han for nær kanten på høgresida av vegen. Dette gjorde at alle møtande bilar måtte anten rygga, der det for smalt, eller leggja seg godt ut i grøfta for sleppa fram denne halvfilosofiske, tyske bubilturisten. Heldigvis sat det tydelegvis innfødde i dei fleste møtande bilane, og dei er vane med å møta framande som likar seg midt i vegen. Sjølv kunne eg berre ta det med ro. Med ein slik doning framfor seg er ein rimeleg sikker på å koma fram utan å måtta rygga. Det er dei møtande bilane som må ta til vitet kvar gong. Komen til campingplassen i Kinsarvik, fekk han tydelegvis nok og ville avslutta turen med ein halvkald blømingskveld i Kinsarvik til tonane av gamaldansmusikk på toradar og trekkspel. Det siste er det nok grunn til å setja eit ‘kanskje’ attåt.

Ordtaket surra vidare i hovudet mitt, og eg måtte vedgå for meg sjølv at ‘kanskje’ er eit ord som heller ofte er framme i både tankar og skrift. Det er dette med å ikkje verka for sikker, for framfus, eller på annan måte stå fram som ein person med lite realitetsforankring. Alt etter korleis ein bruker ‘kanskje’, kan det gje ei von at noko kan koma til å skje, men like ofte eit signal om at noko ikkje er aktuelt. Ordet hjelper oss til å sleppa å vera kategoriske og bastante. Ofte er det grunnlag for det, i alle fall i mi verd. Kategoriske personar kan ha ein tendens til å sjå verda i svart eller kvitt. Me som likar alle nyansar i grått, er nok litt glade i ‘kanskje’ og andre tvilarord som ‘men‘ og ‘kvifor‘.

Men kanskje er det slik at me altfor lett tyr til ‘kanskje’ for å sleppa å ta stilling, for å unngå å gripa augneblinken eller for å halda oss unna det ukjende. Kanskje ein litt oftare burde sleppa taket i ‘kanskje’, og la det stå til? Ein veit aldri. Difor er det tryggast, i alle fall stundevis, å ha ein livbøye som heng på veggen med ordet ‘kanskje’ skrive i sirleg skrift. Den tyske bubilturisten viste i alle fall tydeleg at det er høgst menneskeleg å ha ei åtferd som viser avstand mellom liv og lære. Han tok seg fram på dei smale hardangervegane med eit trygt tak i førestillinga om at kanskje er det ikkje nok plass på høgre sida for ein stor bubil. Slik kan det det kanskje vera på andre vegar òg.

Share