Stikkordarkiv: butikkreklame

Reklame-allergi

Eg må berre innsjå at eg har ei form for allergi. Eigentleg har eg kjent dei negative reaksjonane i mesteparten av det vaksne livet mitt. Kort og godt mislikar eg sterkt å verta avbroten av reklame i tide og utide. Det har vorte verre med åra. I grunnen har eg eit svært enkelt forhold til reklame. Når det er noko eg er interessert i, t.d. når eg skal kjøpa noko, då finn eg fram informasjon og reklame sjølv, på eige initiativ og av heilt fri vilje. Eg vil berre bestemma sjølv når det passar meg, eg vil ikkje få det pådytta i tide og utide av nokon der ute.

I aviser og andre publikasjonar har eg lært meg å oversjå reklamen. Det går heilt greitt å vera reklameblind når eg les aviser. Når eg går i butikkgatene, er eg òg stokk blind for reklamen, med mindre det er noko spesielt eg ser etter. Det verste er fjernsynskanalar. Det hender at eg vil sjå program på reklamefinansierte kanalar. Då, plutseleg og heilt umotivert, stoppar sjølve programmet, og det kjem dettande ned fullstendig uinteressante reklameinnslag for alt mogeleg som eg ikkje treng. Bilar, mat, mobiltelefonabonnement, klede og anna som eg ikkje er interessert i der og då. Eg kan sjølvsagt slå av lyden, gå på do eller lesa litt i aviser den stunda reklamefjaset okkuperer skjermen. Men det er so steikjande irriterande å få noko eg ikkje har bede om, stikkande opp i synsfeltet mitt når eg hadde tenkt å bruka tida til noko som i utgangspunktet var interessant og kanskje til og med litt triveleg.

Løysinga mi vert nok ofte at eg lèt vera å sjå program på reklamefinansierte kanalar. Då slepp eg irritera meg. Då slepp eg å oppleva prikkinga langs ryggen i rein frustrasjon. Det kan vel henda at eg går glipp av nokre bra program på den måten. Men når eg tenkjer på kor mykje eg aldri vil få med meg, og alt eg ikkje veit,  er det heilt greitt. Eg kan likevel ha eit rimeleg bra liv.

Eg kan sikkert seiast å vera høgsensitiv mot reklame. I eit forbrukarsamfunn er eg og alle likesinna  å rekna som rusk i maskineriet. Hadde det vore mange som meg, hadde ikkje den økonomiske veksten vore noko å snakka om. Men det må alltid vera nokon litt marginale figurar som kan vera bakteppe for normaliteten i det reklamedrivne forbrukarsamfunnet. Me har alle våre plassar her i livet.

Share