Stikkordarkiv: coach

Stryk til forbrukareksamen

For eit års tid sidan sa eg ja til å vera med i nokre panel som med ujamne mellomrom skal svara på spørsmål om likt og ulikt i samfunnet. Fyrst trudde eg at me av og til skulle presenterast for spørsmål der me kunne meina noko om tilstanden rundt oss. Eg er absolutt meiningsfør dei gongene eg er nesten sikker i ei sak. Men der tok eg feil. Til no har det vore lita interesse for meiningane mine. Derimot får eg spørsmål om eg legg merke til reklame rundt meg; reklame for vaskemiddel, bygningsmaterialar, teletenester, matvarer, bilar; eg hugsar ikkje alt.

Felles for alle desse undersøkingane er at etter nokre delsvar, der eg har kryssa for «vet ikke», får eg kontant melding på skjermen om at «du er dessverre ikke i målgruppen for denne undersøkelsen». Neivel nei, berre fordi eg ikkje har lagt merke til ein annonse på side 28 i Aftenposten frå i går, eller ikkje har sett reklameinnslag på TV 2 eller andre fjernsynskanalar som meiner det er ei samfunnsvelsigning å tvinga på oss reklamesnuttar om ting eg, og mange med meg, ikkje har bede om og heller ikkje er interesserte i. Når eg ei hende gong finn noko interessant på reklamesendande kanalar, slår eg av lyden og ordnar med litt vedkløyving eller andre praktiske gjeremål kvar gong reklamefjaset prøver å strøyma inn i stovefreden. Straffa for dette er at eg sit att som ein dumskalle og kan ikkje svara på enkle spørsmål om forbruksvarer som eg enno ikkje har oppfatta verdien av.

Etter mange slike seansar der eg er utdefinert frå forbrukarsamfunnet, er det ikkje fritt for at eg kjenner meg litt molefonken. Det er tydeleg at eg er altfor lite interessert i slikt som ikkje interesserer meg. Det går opp for meg at eg på denne måten hamnar i ei form for utanforskap, der det er stor sjanse for å utvikla asosial og samfunnsfarleg ansvarsløyse. Omsett til testregimet i skulesamanheng er utdefineringsmeldingane kort og godt strykkarakter i forbrukaroppførsel.

I mange år har eg trudd at reklame for varer og tenester skal eg oppsøkja når eg veit med meg sjølv at eg har bruk for dei aktuelle varene eller tenestene. Då hentar eg inn systematisk informasjon og skrytande reklame, samanliknar, sjekkar, grev og spør. Til slutt kjem eg til ein konklusjon, anten om å kjøpa, eller at eg eigenleg ikkje treng det eg har sett etter. Det siste er utan tvil best for økonomien.

På snakk om økonomi; dette å verta utdefinert av forbrukarundersøkingar har faktisk også ein økonomisk konsekvens. Det står nemleg at eg får ein liten kroneseum for kvar undersøking eg gjennomfører. Når eg då vert kasta ut, fordi eg ikkje høyrer til målgruppa, forsvinn også godtgjersla. Dobbel straff med andre ord. Fyrst vert eg utdefinert, og deretter misser eg godtgjersla.

No har eg bestemt meg for å søkja hjelp. Det enklaste hadde sjølvsagt vore å melda seg ut av panela. Men det ville ha vore eit nederlag på linje med å dansa vals i utakt. Nei, eg vil ha profesjonell hjelp slik at eg kan endra «attitude», som det heiter i dag. Personleg coach er det visst noko som heiter. Eg har høyrt at ein coach er ein person som har ei overjordisk evne til å få andre til å gå i tilsynelatande rett retning. Ein slik person treng eg nok. Eg er difor på leit etter ein forbrukar-coach som kan læra meg å leggja merke til varer og tenester som eg ikkje treng, men som det kan vera godt å kjenna til for å kunna oppføra seg på ein adekvat måte i forbrukarsamfunnet. Neste gong det er meldt regn, skal eg skriva ein utfyllande kravspesifikasjon og leggja ut på Finn.no. Ingen skal kunna hevda at eg ikkje tek problemet mitt på alvor.

Share