Stikkordarkiv: dansefest

Ungdomshusminne

Krossvoll

Ungdomshuset Krossvoll (bygt 1901), slik det såg ut dei fyrste ti-åra. Foto: Hardanger og Voss museum/Thorstein Lofthus

Hausten 2015 var eg i barndomsbygda mi, Lofthus, på ei tilstelling i det staselege ungdomshuset Krossvoll. Underleg korleis møtet med eit ungdomshus sette i gang minnekverna, og små glimt frå ungdomstida melde seg. Eg kom i hug fyrste gongen eg var på dans der. Eg skulle eigenleg ikkje ha vore der. Det hadde seg slik at far skulle vera med på ei tilstelling som Hardanger spelemannslag stod for. Dei skulle ha konsert og dans. Eg var berre 11-12 år, men far meinte eg kunne vera med på konserten. Avtala var at eg skulle gå heim straks konserten var ferdig. Konserten tok slutt, og spelemannslaget gjorde seg klare for dansespel. Far var fullt oppteken med praktiske ting, og eg vart sitjande for å sjå litt på dansen. Men so fann eg ut at eg òg ville dansa. Eg hadde gått på leikkurs i ungdomslaget om vinteren, og dessutan hadde far og moster mi lært oss ungane å dansa på kjøkengolvet heime. Eg strente over golvet og baud opp ei eldre jente som eg visste var god å dansa. Me svinga oss gjennom ein reinlendar, medan konene på sidebenkene glytte på oss og stakk hovuda saman. Straks reinlendaren var ferdig, kom far og gav kontant melding om heimferd. På Hedland kom mor i motar; ho undra på kvar det hadde vorte av meg. I dag hadde kanskje tilburden resultert i ei bekymringsmelding til barnevernet.

Ungdomshusa var arena for ungdomsmøte med vaksenlivet. Der kunne blyge jenter og gutar sitja i kinomyrkret, stivt stirande på filmen, medan trivlande hender søkte kvarandre i von om at den andre handa ikkje trekte seg brått attende. Der kunne guten våga seg til å spørja om ein dans til, og kanskje endå ein. Som oftast sprang jenta småskrattande attende til veninnene so snart den fyrste dansen var over. Og ja då, der kunne unggutar stå tvikrokete ved husnova, medan dei gav hals etter ukritisk inntak av tvilsame drikkevarer. Og der stod den purunge guten og såg fortvila korleis nasablodet draup ned på den kvite skjorta han hadde fått til konfirmasjonen. Nokre ukvemsord hadde resultert i eit nasedrag frå ein eldre gut han knapt visste kven var. Tankane surra rundt det eksistensielle spørsmålet: kva ville mor seia neste morgon?

Ungdomshusa var arena for livsutfalding med stor spennvidde. Den som hadde sansar nok til å betrakta livet i og utanfor ungdomshuset ein laurdagskveld, kunne observera korleis livsglede, kåtskap, vonbrot og tagal fortviling utfalda seg i forgarden til vaksenlivet.

Festane på ungdomshuset var kjærkomne avbrot frå kvardagslivet både for ungdom og vaksne. Endå eit minne frå Krossvoll kjem smygande. Far og eg spelte til dans på ein av dei faste bygdafestane. Det leid litt på natta, og stemninga på dansegolvet var god. Då skar ei røyst gjennom det oppglødde drøset: «Spel ei polka, Jon!» Vetle-Nils stod raudmussa og blid medan han heldt vyrtaleg rundt kona si. Me drog opp ei polka, og Vetle-Nils peiste på og dansa. Mange andre heiv seg ut i dansen, og det vart ei av desse gode spelemannsstundene då me merkte at musikken nådde fram til danseglade folk som brukte dei delane av kjensleregisteret som fortel for all verda at livet leikar. Me burde nok dansa meir, nokon kvar.

Share