Stikkordarkiv: De Sandvigske Samlinger

Kvardagsklede

I år er det 30 år sidan Maihaugen, De Sandvigske Samlinger markerte at det var 100 år sidan Anders Sandvig (1862-1950) starta innsamlinga av gamle gjenstandar og bygningar. Den eineståande innsamlingsverksemda hans resulterte i eit av dei mest spennande musea i Noreg. Året 1987 var ei einaste stor markering med ei mengd tilstellingar som alle skulle feira og kasta ljos over Anders Sandvig og institusjonen han grunnla.

Midt i all festivitasen som me la opp til, er det ein detalj som eg hugsar ekstra godt. I mange tiår hadde omvisarane på Maihaugen gått i rondastakk og rutaliv med kvite skjorter. På same måten som i dei fleste musea på den tida var det ei uskriven «lov» at i møtet med turistar og andre framande skulle ein gå kledd i festbunad for på den måten å visa lokale kulturuttrykk frå den beste sida: sundagssida, så å seia. Etter intern drøfting på Maihaugen, bestemte me oss for å gjera ei lita endring i bunadsbruken til omvisarane. Me hadde godt dokumentasjonsgrunnlag for å skifta ut dei kvite skjortene med blåfarga og rutete skjorter på kvardagar. Me meinte det var eit poeng å visa at det var skilnad på kvardags- og sundagsklede, ikkje minst sidan omvisarane skulle fortelja om liv og arbeid i dei gamle husa i sokalla «gamle dagar», dvs. i hovudsak 1700- og 1800-talet. Frå sommaren 1987 hadde omvisarane difor på seg kvite skjorter berre på sundagar og andre helgedagar.

Sjølvsagt vart det debatt av slik endring. I lokalpressa kom det klager på at Maihaugen øydela ein innarbeidd tradisjon som la vekt på å visa det beste ein hadde i møtet med framande. På ulik vis vart det hevda at for å visa gjestene respekt, måtte ein visa fram uttrykk frå høgtid og fest. Me argumenterte med at ingen ville missa respekten for eldre Gudbrandsdal-kultur fordi dei om dei fekk litt informasjon om skikken med å å skilja mellom kvardags- og helgedagsklede. Og langt dei fleste tykte denne vesle endringa var positiv. Innimellom kom det likevel kommentarar som illustrerte førestillinga om at på museum skal me framheva og dyrka det vakre og det fine, det som fortel om dei ljose sidene av historia vår.

Eg hadde møtt dette historieperspektivet mange gonger tidlegare, m.a. på Hardanger folkemuseum nokre år tidlegare. Der hadde me laga ei utstilling om klede frå Hardanger. I tillegg til alle finkleda stilte me ut ei bøtt karaunderbukse, m.a. for å visa korleis folk brukte kleda dei hadde, so lenge som råd. Me fekk nok ein del kommentarar om den utstilte, bøtte underbuksa. Somme tykte det var fint at me tok med eit slikt plagg. Andre meinte me burde hatt skjemmevit nok til å la vera å stilla ut noko slikt saman med alle finkleda. Ein kjend stortingspolitikar brukte den utstilte underbuksa som døme på at eg var ein museumsperson med dårleg utvikla kvalitetssans. På museum skulle ein dyrka det vakre og høgverdige, ikkje øydeleggja glansbileta om fortida med å fortelja om og visa bøtte underbukser.

Denne vesle motviljen mot kvardagsskjorte og bøtte underbukser er små detaljar som illustrerer korleis me gjerne vil unngå å visa for omverda den vanlege kvardagssida av liva våre.  Når eg sjølv er på museum, set eg alltid størst pris på å få innsyn i og kunnskap om kvardagslivet. Uansett korleis me snur og vender på det, er det kvardagane og kvardagssyslene som bestemmer kva liv me får. Ingen vert spesielt lukkeleg av å leva livet som om det berre var sundagar.

Gravityscan Badge

Share