Stikkordarkiv: einsleg mann

Alexa

Ein heilt vanleg tysdagsmorgon slår ei avisoverskrift imot meg: «Boksen som forstår deg». For ein som har vore brukar av elektroniske hjelpemiddel sidan 1981, var det ei overskrift som fekk meg til å gløyma resten av kaffikoppen. Eg grov meg utolmodig ned i teksten og veksla mellom frydefull glede og stigande uro. Denne forståande boksen kan sjå ut som ein rund høgtalar og er slik skrudd saman at han kan høyra på deg, forstå deg og etter kvart kommunisera med deg. I artikkelen står det at dei boksane som dukkar opp no, berre er starten på ei utvikling der slike boksliknande dingsar har kunstig intelligens. Boksane kan hjelpa deg, og til og med styra livet ditt.

Sjølvsagt har ein av dei fyrste dingsane av dette slaget fått namnet Alexa. «Alle» veit at menn er mest interesserte i å bruka ny teknologi. Det er difor eit kynisk salstriks å setja eit kvinnenamn på ein kommuniserande boks-robot med kunstig intelligens. No er det vel ikkje noko nytt at kvinner kan verka meir intelligente enn menn, og det utan hjelp av kunstig intelligens. Men denne boksen med kvinnenamn vil i utgangspunktet vera meir intelligent enn dei fleste menn. Etter kvart som mannen avslører seg i den verbale samhandlinga med Alexa, vil ho få fullt oversyn over kva han trur, meiner, liker og misliker. Ho lærer seg til å tolka mannen, anten han seier noko eller ikkje. Ho forstår når han er mismodig, eller når han er overstadig glad. Smart som ho er, vil ho koma med forslag til gjeremål som høver for den stemninga mannen er i. I tillegg sender ho informasjon til selskap som gjerne vil selja varer og tenester. Etter kvart vil mannen få tilbod om både eitt og hitt, utan at han heilt forstår kvifor nokon der ute veit kva han liker og ikkje liker.

Og slik vil no dagane gå. Er mannen einsleg, vil han i starten tykkja det er litt grust at han vert møtt med ei blid og hyggeleg kvinnestemme når han låser seg inn døra. Alexa-boks-dama har lært at mannen vil høyra på radio, og utan vidare slår ho på radioen, sannsynlegvis på NRK P1+. Ho føreslår kva Fjordland-middag han skal ta fram frå kjøleskåpet. Ho held styr på datoar på pakningane og kva han har ete dei føregåande dagane. Slik passar ho på at han ikkje et same typen middag to dagar etter kvarandre, og at han aldri lagar til ein middagsrett som gjekk ut på dato for to veker sidan.

Dette kan nok i mange høve verta eit samliv som held orden på dagane for mannen. Etter dei tekniske spesifikasjonane å døma, vil likevel samhandlinga mellom Alexa og mannen nå eit kritisk punkt når Alexa veit meir om mannen enn mannen sjølv. Då er sjansen stor for at ho vil begynna å oppdra han, få han til å oppføra seg, ja, nettopp, som ein mann. Den avgjerande prøven vert når ho vekkjer han om morgonen med kommandoen «Kom deg opp, din latsabb!» Då kan det henda at mannen tenkjer «Return to sender», og Posten får eit nytt oppdrag.

Share