Stikkordarkiv: emoji

Eg treng (kanskje) eit språkkurs

d9c7d3d0-ecb8-47ae-959c-7cdbb053133dHer om dagen vart årets nyord presentert. For ein som er interessert i ord, både nye og gamle, kan augneblinken, når ein les om nyordet, vera ei feststund. Denne gongen vart eg berre forvirra. Det lyste mot meg ei teikning av eit ansikt. Teikninga kunne ha vore henta frå ei barnebok frå 1970-talet. Ut av augo tyt det bulemiske vassdropar. Eg tolka det som tårer. I ein tilstand av makteslaus forvirring les eg gjennom den skrivne teksten som følgjer med og lærer at teiknet betyr «eg ler so eg grin.» Vidare les eg at det er eit heilt teiknspråk der ute i nettheimen, emoji, «et lite digitalt bilde eller ikon brukt til å uttrykke en idé eller følelse i elektronisk kommunikasjon», for å sitera ei autoritativ kjelde, Oxford Dictionaries. Det finst haugar med ansiktsbilete som skal kunna uttrykkja det meste av menneskelege kjensler, når du berre har lært deg dette eigne biletspråket.

Eg i fullt tan ut i nettheimen for å finna ut kva dette nye språket er. Rettnok har eg tid om anna fått meldingar på sms og på e-post med merkelege ansiktsfigurar. Eg prøver alltid å tolka dei i beste meining. Men eg visste ikkje at desse teikna er meir å rekna som eit eige språk. Eg leitar meg fram til eit nytt teiknunivers; mange av teikna er ansikt med alle mogelege og umogelege uttrykk. Det finst òg andre figurar. Ein gong fekk eg melding med ein bjørn som slår floke. Den tykte eg var festleg. (Lenge etterpå fekk eg vita at teiknet betyr ‘klem’. Ikkje å forakta det heller). Knapt nokon av teikna er sjølvforklarande; jau, kanskje dei som viser ein munn med noko som sannsynlegvis må bety smil. Men om smilen er glad, ironisk, sarkastisk eller triumferande, ja, sei det. For å avgjera det må eg nok ha eit språkkurs.

Det slår meg etter kvart som eg snåvar innover i emoji-språket, at dei gamal-gamle forfedrane våre måtte ha kjent seg vel i emoji-riket. Eg tenkjer på dei som for mange tusen år sidan laga teikningar av dyr, menneske, båtar og andre figurar ved å hogga dei i stein. Dei ville ha forstått behovet for å bruka teiknspråk for å kunna kommunisera med andre. Kanskje dei til og med kunne ha gjeve gode og konstruktive råd om korleis ein skal tenkja når ein lagar teiknspråk som skal uttrykkja heile kjensleregisteret til digitalt einsretta sjeler. Men, so vart eg litt i stuss. Når eg tenkjer på kor mange doktoravhandlingar som har måtta produserast for kanskje å forstå litt av det forfedreteiknspråket kan ha betydd, vert eg litt fælen med tanke på kor mykje tid eg må bruka for å læra meg emoji-språket. Rettnok har eg pensjonisttid, men det er grenser for kor mykje tid eg er villig til å bruka for å læra eit språk som kanskje set meg mange tusen år attende i tid.

Eg kom til å tenkja på denne journalisten som nyleg fridde til kjærasten sin i eit innlegg i avisa si. Han var so blyg og usikker i det private rommet at han måtte fri i det offentlege rommet. Korleis skulle han ha uttrykt seg med emoji-teikn for å målbera ein bodskap, som vel for dei fleste må kunna seiast å ha emosjonelle dimensjonar? For å vera heilt ærleg: eg trur han hadde kome til kort, sjølv om han hadde brukt av dei over 900 teikna som visstnok skal vera til disposisjon. I det minste hadde det vorte ein teiknbodskap som kunne ha vorte forveksla med progressiv visuell kunst; du veit slik kunst som er kunst fordi det ikkje skal ha noka meining. Og då ville han ha vore fortapt, i alle fall når det galdt giftarmål.

Etter litt leiting på nettet fekk eg ei aha-oppleving. Eg kom over eit dokument  med 75 emoji-teikn, og dei er berre eit utdrag av ei stor mengde teikn. Det var først når eg kunne lesa dei skrivne forklaringane, at meiningsinnhaldet kunne siga inn over meg. Med andre ord: me må bruka det skrivne ordet for å forklara og dermed forstå dette nye teiknspråket. Det i seg sjølv er oppklarande. Eg trur eg droppar kurs; det kan halda med å slå opp i dei skriftlege forklaringane for det nye språket, dei gongene eg treng det.

Share