Stikkordarkiv: Ernes

Bløming i Hardanger

Bløming på Lofthus 2017. Foto: Aud Manheim

Før eller seinare måtte ein utflytt harding skriva om bløming i Hardanger. Det er midt i mai, sosiale medium, aviser og blad er fulle av foto med blømande frukttre i Hardanger mot ein bakgrunn av snjokledde fjell og blå himmel. Fotografia er fylgde av kommentarar om kor flott og fantastisk det vakre Hardanger er desse dagane når sola kan vera raus, og me bokstavleg tala kan sjå korleis naturen livnar til att etter vinteren. I eit par hektiske blømingsveker legg frukttrea grunnlaget for hausting av moreller, plommer, pærer og eple. Bøndene fylgjer vake med for å sprøyta og på anna vis stella med trea slik at dei kan gje best mogeleg avling.

Kvar vår visste me ungane i Sørfjorden at me levde på ein paradisisk plett på denne jorda. Spesielt dersom pinsehelga fall saman med bløminga, kom det mange tilreisande som berre var ute etter ein ting: å oppleva blømande frukttre i uhorvelege mengder. Me som budde langs gamlevegen mellom Lofthus og Ernes, såg korleis folk gjekk eller køyrde bil, seint, seint, medan dei saup inn visuelle inntrykk, lydar og ikkje minst angen av fruktblom. Denne opplevinga var nok endå sterkare tidlegare, då trea var store, dei låg som blomeportalar over gamlevegen og såg ut slik som tre skal sjå ut.

Me som vaks opp med bløming kvar vår, forstod på dei tilreisande at dette var noko spesielt. For oss «innfødde» var bløminga berre noko som var der, kvar vår. Me kunne sjå om det var lite eller mykje blom. Me kunne leggja merke til korleis foreldra våre anka seg over regn og kulde i blømingstida og vera urolege for om frukthausten ville ta skade. Me lærte oss å vurdera om vêr og bløming var slik at me kunne vona på moreller til jonsok. Det var stas, då vart jonsokdagane ekstra søte og gode.

Det er vel kanskje alltid slik at det er dei framande, dei som kjem utanfrå, som må fortelja dei «innfødde» om kor fantastisk dei har det. Dei lokale reaksjonane er nok ofte svært so nøkterne og jordnære, slik som denne soga – sann eller ikkje – om ein gardbrukar som stendig fekk høyra av tilreisande kor flott utsyn han hadde, der han trona øvst på ein gard med rikt tilfang av bratte bakkar. «Nåja», sa han. «Det kan godt vera at me har fin utsikt, men det går ikkje å leva av henne.»

Bløminga i seg sjølv er i beste fall starten på gode avlingar og brukande levebrød. Ingen veit betre enn fruktbøndene at ei strålande blømingstid kan verta skipla på mange måtar før haustinga er over, og resultatet kan teljast opp i kroner og øre. Slik er det vel med det meste i livet, det er heilskapen som tel, til slutt.

Share