Stikkordarkiv: fargespekter

Vestlandsgrønt

Ordet som står i tittelen, eksisterer eigenleg ikkje, men eg treng det til denne teksten. Året var 1975, og årstida var august. Familien på fire hadde vore i Stockholm eit heilt år, og me skulle til Hardanger på sein ferie. På den tida reiste me med tog, dagtog frå Stockholm til Oslo og so vidare med nattoget til Voss, der far skulle henta oss tidleg om morgonen med bil. Det hadde vore ein varm og fin sommar i Stockholm; siste veka før me skulle på ferie, var det over 30 varmegrader, kvar dag. Vegetasjon, bakkar og plenar såg miserable ut, der dei låg gråbrune og stunda etter regn og atter regn.

Det var fint vêr på Voss denne augustmorgonen. Det lei sopass langt ut i august at nattetemperaturen hadde vore frisk, og lufta var klår, slik gode augustmorgonar kan vera. Då eg såg ut togvindauga på veg ned til Voss, fekk eg ei fargeoppleving som heng i meg den dag i dag. Utan at eg var merksam på det, hadde eg vant meg til den grå-brune vegetasjonsfargen me hadde hatt i Stockholm heile sommaren. Utanfor togvindauga eksploderte ein fargesymfoni i grønt, den slo inn i sansane mine på ein måte eg aldri hadde opplevd før. Dette mangfaldet av nyansar i grønt invaderte meg og slo meg litt i svime. No fekk eg ikkje tid til å virra so mykje rundt i grønfargeørska; to vaksne, to små jenter, barnevogn og bagasje skulle av i rett tid på Voss. Men i bilen ned frå Voss til Lofthus kunne eg lata synssansen lauga seg i eit grønfargebad.

Medan eg skriv dette, merkar eg korleis eg manglar ord til å beskriva fargar. Eg tyr lett til indirekte skildringar av  korleis eg reagerte på sanseinntrykka. Kanskje er det slik at sansereaksjonane er det einaste sikre grunnlaget for å beskriva det me ser, høyrer og kjenner. I oppslagsverk kan eg lesa at grønt vert rekna frå 520 til 565 nanometer i fargespekteret. Med andre ord vart eg halvt isvimeslegen av 45 nanometer på fargeskalaen. Det høyrest svært objektivt ut, men verkar likevel litt turt og kjedeleg. Då likar eg betre å snakka om symfoni i grønt eller grønfargebad og om det overveldande sanseinntrykket i grønt som eg opplevde den augustmorgonen i 1975. I alle fall, eg vil kalla dette intense mangfaldet i grønt for vestlandsgrønt, sjølv om grønfargeprakta sikkert kan finnast mange andre stader på den merkverdige kloden vår. Det finst berre eitt Vestlandet og eitt Hardanger, og der kan dei heldige tidt og ofte oppleva heile grønfargespekteret på 45 nanometer. Det vil eg kalla fargelukke.

Share