Stikkordarkiv: feiring

Feiring

Me er so ulike, og nokon seier det er godt. Somme av oss er slik samanskrudde at me tykkjer det er tryggast å halda litt avstand til feiringar. Å vera til stades i periferien når andre vert feira, kan vera morosamt. Mange fortener verkeleg å verta feira, i det minste slik innimellom. Det er likevel noko med sjølve situasjonen som kan kjennast utrygg og rar, i alle fall dersom ein skulle vera involvert som «gjenstand» for feiring. Eg kjenner fleire som alltid har styrt unna markeringar av eigne åremålssdagar o.l. Ei hyggeleg samkome med dei aller næraste kan likevel vera innanfor det som kjennest handterleg.

For mange år sidan las eg eit utkast til ein artikkel av ein svensk professor i folkelivsforsking. Han var spesialist på festsamkomer av ulikt slag. Artikkelen var på tysk og hadde tittelen «Das Fest als Trauma», dvs. fest som traume. Personen var kjend som svært sosial, ikkje minst i festsamanheng. I artikkelen beskriv han korleis festsituasjonar kan opplevast som vanskelege og nesten ubehagelege. Det var lett å kjenna att ulike situasjonar, og eg fekk stadfest at det er minst to sider med feiring og fest. Diverre trur eg artikkelen aldri vart publisert. I alle fall finst han ikkje i bibliografiske opplysningar om vedkomande professor.

Å oppleva fest og feiring som utrygge situasjonar har sjølvsagt mykje med oppvekst å gjera. Me vart opplærde til å gjera  plikta vår og helst litt til. Elles skulle me halda oss i bakgrunnen; absolutt ikkje stikka oss fram. Det var nummeret før skammeleg. «Å ikkje lesta gå», kan vera ei høveleg oppsummering av korleis oppførselsidealet var i sosiale samanhengar.

I ungdomen kom eg kom lett unna fest og feiring fordi eg spelte til dans i dei situasjonane. Då hadde eg ei tildelt rolle, og det var heilt greitt, oversiktleg og råd å kontrollera. Seinare har eg lært å forstå at folk faktisk ynskjer å visa at dei set pris på familiemedlemer, vener eller kollegaer. Det aller kjekkaste er å få laga til overraskingsfeiring av personar som ikkje anar kva som kjem til å skje. Uventa glede kan vera ei god oppleving for nokon kvar.

Den kløyvde opplevinga av å verta feira kan likevel mange kjenna seg att i. Ein tidlegare kollega skulle takkast av etter mange år i ein sentral posisjon. Ritualet gjekk heilt etter boka med gåver, blomar og mange godord frå kollegaer. Då han takka, sa han omtrent fylgjande: «De har vore svært rause med godorda i dag, so rause at eg innimellom har tenkt at no lyg de godt. Men fy søren so godt eg har likt det.» Me treng alle å strykast litt oppetter ryggen innimellom.

 

Share