Stikkordarkiv: fjesboka

Bloggarliv II

Det nærmar seg tre år sidan eg sette i gang dette skrive-eksperimentet med ein blogg der eg funderer over stort og smått her i livet. (Etter eitt år skreiv eg ein fyrste tekst om korleis bloggarlivet kunne opplevast. Den kan lesast her.) I starten var det nærmast for å overtyda meg sjølv om at eg er i stand til å skriva anna enn stortingsdokument og byråkratiske notat. Dessutan kjendest det befriande å bestemma tema sjølv, berre la seg føra av idear og innfall etter kvart som dei måtte dukka opp. Denne innfallsmetoden gjer at bloggen manglar tematisk profil. Det er heilt greitt.

No har det å skriva ein enkel tekst til kvar fredag vorte ein aktivitet som formar vekene. Når veka startar, er det sjeldan eg veit kva eg skal skriva om i den komande teksten. Ofte opplever eg tekstturke, der det er nærliggjande å tenkja at no er det på tide å gje seg. Men so dukkar det opp eit eller anna som fengjer sopass at eg set meg til tastaturet. Slik har no vekene gått i snart tre år, der eg har tvilt meg fram til nærmare 150 tekstar.

Lesarskaren aukar sakte, men sikkert, Fjesboka er einaste «reklamekanal». Ein liten, fast lesarkjerne er innom bloggen nesten kvar fredag, ser det ut til. I fyrstninga var eg kry over alle utanlandske lesarar som dukkar opp i statistikken min. No veit eg at dei i all hovudsak er robotmaskiner som er er på leit etter datamaskinar og/eller heimesider som dei kan hacka seg inn på. Ikkje sjeldan legg eg mistenkelege adresser inn på ei svarteliste over brukarar som eg stengjer ute.

Litt smårare situasjonar dukkar opp stundom. Eldste barnebarnet har nett avslutta fyrste året på vidaregåande. I ein skuletime var det spørsmål om nokon las bloggar. Nokre var innom rosabloggar, men barnebarnet mitt kunne opplysa at han les bloggen til besten. Det resulterte i ein allmenn gapskratt i klassen. Det var utenkjeleg at ein bestefar kunne vera bloggforfattar! Ikkje verst å hamna i kategorien utenkjeleg.

Det siste halve året har dagane vore prega av ein brutal og uboteleg sjukdom i næraste familie. Den fyrste tanken var at no må blogginga leggjast vekk; det finst mykje viktigare ting å vera oppteken av enn å pusla med tekstformuleringar. Men så slo det meg at det å ha ei fast oppgåve for veka, kan vera ein knagg som eg hengjer korte normalitetsstunder på. Ikkje for å gløyma eller flykta frå dei harde realitetane, men for å verta mint om at livet har mange fasettar, også når stundene er tunge og vonlause. Difor puslar eg i veg med bloggtekstane mine, mest for min eigen del, og kanskje litt til glede for somme andre. Slik surrar ein seniorblogg vidare med uføreseielege tekstar som går litt på sjølvstyr.

Share