Stikkordarkiv: fjordarmar

Lyden av vår

Velure-skredene mai 2015.

For mange av oss er lyden av rennande vatn frå smeltande snjo eit sikkert vårteikn. Rennande vatn er bokstavleg tala ei oppkome av lydar og lydnyansar. Eg høyrer til dei som kan verta heilt fjetra, når eg får høve til å høyra rennande vatn i naturen. Det er gode stunder.

Somme av oss har òg lært at våren kan markera seg med andre lydar. I Lofthus-bygda og dei næraste grendene visste me at våren nærma seg når det gjekk snjoskreder i Velure-fjellet, dei sokalla Velure-skredene. Og dei kjem kvart år; rettnok med varierande intensitet alt etter korleis snjovinteren har vore.

Frå barneåra mine på 1950-talet kan eg enno hugsa den startande buldringa i fjellsida på Velure. Den var signal om at no skjedde det noko, og me retta augo mot fjellsida. Det var lett å sjå korleis snjomassane losna, skaut fart og skunda seg ned mot fjorden og vegen. Di større skreder, di kraftigare bulder og brak. «Mjødlaskredene» midtvinters, der turr-snjoen losna, kom med eit kraftig dýn, og snjoføyka stod utover forden. Vårskredene, med ei blanding av våt snjo, stein og lausmassar, buldra på ein eigen måte, varte lenger, og me kunne av og til høyra at snjoen var blanda med stein. Dei siste skredene på våren var små, dei kom ikkje so langt ned i fjellsida. Eg trur det er minst 6-8 ulike skredlaup i Velure, kvar med sitt eige namn. Eg veit om nokre av dei som ligg langs Rv 550: Svinaskreda, Nesåna, Kvellflotskreda, Langastein, Berså(stein)skreda og Lindeskreda.

Det var like spennande kvar gong om skredene kom heilt ned til fjorden og stengde bilvegen. Dette var lenge før det kom skredoverbygg, som skulle verna vegen. For folk som budde der, må det ha vore litt uhyggeleg å vita om at skredene ville koma. For oss, som stod på trygg avstand på andre sida av fjorden, var det forvitnelege hendingar, likevel med ein tanke på om nokon ikkje klarte å koma seg unna, når skredene gjekk heilt i vegen. Sjølve gardstunet og husa ligg skjerma for skredene. Men på 1600- og 1700-talet er det vitnemål om at både snjo- og steinskreder gjorde so stor skade på gardane at dei fekk avtak, dvs. reduserte skattar.

Etter fleire og delvis mislukka forsøk på å setja opp skredoverbygg frå 1960-talet og utover, er vel situasjonen nokolunde trygg for dei vegfarande i dag. Det hender likevel at skredene ikkje alltid går slik som vegvesenet har trudd, og vegen kan verta stengd, i alle fall for ein kort periode.

Skreder er ein skræmande realitet i fleire fjordarmar. Folk er ufatteleg tolmodige i desse fjordarmane. Hadde skreder vore like vanlege austom Langfjella, hadde nok protestar og katastrofealarmane gått mykje oftare. Fjordafolket veit at skreder er ein del av den naturen dei bur i. Det er berre rett og rimeleg at dei krev at vegane vert oppgraderte slik at dei kan redusera risikoen med å leva og ferdast i fjordarmane. Skredene er eigenleg eit varsel om at manneætta enno ikkje har makta å tøyla alt som skjer i naturen. Og i Lofthus-bygda er Velure-skredene eit lydvarsel om at våren stundar til.

Share