Stikkordarkiv: fleksibilitet

Heimekontor

Mars 2020 vart ein heilt spesiell månad for omgrepet ‘heimekontor’. Styresmaktene rådde so mange som mogeleg å utføra arbeidsoppgåvene sine frå heimekontor. Det skulle vera eitt av mange tiltak for å å redusera faren for å verta smitta av korona-viruset. Seinare har me nesten kvar dag kunna lesa i media korleis personar har funne seg til rette med å arbeida heimefrå, medan andre mistrivst med å vera kopla ifrå det pulserande samhandlingsmiljøet på arbeidsplassen.

Sjølv har eg erfaring med heimekontor sidan slutten av 1990-talet. Eg likar difor å sjå på meg sjølv som ein pioner i heimekontorsamanheng. Med eit departement som arbeidsgjevar fekk eg frå fyrste stund aksept for at eg kunne sitja på heimekontor nokre dagar i veka. Dei fyrste åra var det berre snakk om telefonkontakt, e-post og kommunikasjon på faks. Men snart vart det mogeleg med nettkontakt til journalsystem og saksbehandlarsystem i departementet. Dermed var det i grunnen ikkje særleg skilnad på å sitja på kontoret i Oslo eller på heimekontor på Lillehammer. Det var berre snakk om å planleggja vekene slik at nødvendige møte kunne avviklast dei dagane eg var i Oslo. Dessutan måtte eg sjølvsagt vera fleksibel når det galdt kva dagar eg måtte vera til stades i Oslo.

For meg var dette ei løysing som passa svært godt. I periodar skulle eg skriva ulike dokument, ofte med korte tidsfristar. Då var heimekontor-bobla heilt perfekt. Eg kunne konsentrera meg heilt og fullt om å skriva utan andre forstyrringar enn ei og anna telefonsamtale. Ingen stakk innom for å spørja eller slå av ein prat. Eg trong ikkje bruka tid på sosial samhandling i matpauser o.l. Eg kunne bruka all tid på å formulera tekst. Skrekk og gru, er det nok somme som tenkjer, dei som har sterkare sosiale refleksar enn dei eg er utstyrt med.

Ordninga med heimekontor kjem heilt sikkert til å verta ei varande endring i delar av arbeidslivet i det “etter-koronære” samfunnet. Mange har nok fått opp augo for at somme arbeidsoppgåver kan løysast på ulike måtar, inkludert bruk av heimekontor i større monn. Endå større verknad vil meir bruk av videomøte kunna ha på arbeidsorganisering. Møte-instituttet er ei av dei mest misbrukte ordningane i arbeidslivet. Videomøta bør i stor monn kunna redusera unødig møteverksemd, der deltakarar må reisa ofte lange strekkjer for å vera til stades på eit møte i nokre timar. Videomøte og heimekontor kan faktisk føra til at mange arbeidsoppgåver kan løysast meir kostnadseffektivt enn det me har trudd til no. Koronatida har lært oss at me bør vera opne for større fleksibilitet og variasjon når det gjeld arbeidsoppgåver som til no har vore løyste ved at arbeidstakarar møter opp på ein fast arbeidsstad og sit på celle-kontor eller i eit kontorlandskap. Aldri so gale, og so bortetter…

Share