Stikkordarkiv: formuleringar

Skrivande uro

Eit ord, ei formulering
dukkar opp,
smyg seg inn i
medvitet,
ligg der,
eltar rundt,
skaper uro,
formar fleire
ord,
bryt seg fram,
fester seg på
skjermen,
endrar seg
på nytt og på
nytt,
går til ro
for ei stund,
vaknar opp att,
nye rundar med
skrivande elting,
alltid noko som
bør endrast,
er ikkje presist
nok,
har feil assosiasjonar,
eltar, eltar og eltar
på nye ord, fleire
formuleringar.

Sæle stunder
med skrivande uro.

Share

Er ord fattige?

«Ord er fattige», eller «ord strekk ikkje til», seier me stundom, når me ikkje heilt veit korleis me skal uttrykkja oss. Det skjer gjerne i situasjonar der me opplever sterke kjensler, anten det er negative eller positive.  Det er ein måte å seia til omverda at me har so mykje på hjarta, men maktar ikkje å finna formuleringar. Men er det orda som er fattige, eller er det noko anna som vantar?

Tenk berre litt etter. Orda er rundt oss. Me lærer å forstå dei, me lærer å bruka dei, og dei aller fleste av oss fungerer greitt både i helg og yrke med å bruka ord i samhandlinga vår med omverda. So er det vel slik som på dei fleste ombyte i livet, nokon er betre til å finna dei rette orda og formuleringane når det trengst. Berre tenk på ein Jon Fosse, ein Olav H. Hauge, ein Henrik Ibsen eller ei Halldis Moren Vesaas, for å nemna nokre få ordkunstnarar. I utgangspunktet har dei det same ordtilfanget til disposisjon som folk flest har. Skilnaden mellom dei ordhage kunstnarane og alle oss andre er at dei har fått og utvikla ein givnad til å bruka ord på ein måte som treffer oss, som rører ved kjensletrådane i oss. Det går på evna til å formulera, til å bruka orda, ikkje på orda i seg sjølve.

Ja då, eg veit sjølvsagt at både musikk og visuelle uttrykk kan verka sterkt på oss, kan setja i gang ei mengde kjensler og reaksjonar. Men når me skal kommunisera med andre enn oss sjølve for å formidla kva me opplever og tenkjer, ja, då må me bruka, nettopp – ord.

Nei, ord er aldri fattige, men formuleringar kan ha høgst ulik kvalitet og verdi. Slik har det alltid vore. Nokre forsvinnande få har evna til å ta oss andre med inn i ord- og formuleringsunivers som får fram heile kjenslespekteret ved å det å vera menneske. Orda er stundom den einaste rikdomen me har når me skal møta livet i all si utfalding. Ord kan til og med gjera livet litt rikare, om me er heldige.

Share