Stikkordarkiv: framtid

Luksusgenerasjonen

«Du besten høyrer til luksusgenerasjonen», hevda 17-åringen i familien. «Vår generasjon vil aldri få det so lettvint som de har hatt det», sa ungdomen vidare. Det vart ingen djup diskusjon om påstanden der og då; det skal me nok ta ein annan gong. Men uttrykket «luksusgenerasjon» vekte ein del tankar hjå meg.

Eg prøvde å tenkja meg attende til den tida eg var 17 år. Då hadde eg budd to år på hybel i Øystese og gjekk fyrste året på gymnaset. Eg kjende meg svært so vaksen og sjølvstendig. Rettnok fekk eg fast pengesum av foreldra mine kvar månad til elevlivet, men eg styrte meg i all hovudsak sjølv. Eg hugsar òg at me hadde stor tru på ei god framtid. Me visste at dersom me arbeidde jamt og trutt på skulen, ville me kunna få oss den utdanninga me måtte ynskja. Det sveiv oss ikkje at det skulle verta vanskeleg å få seg arbeid, i alle fall ikkje om me tok høgare utdanning. Framtidsoptimismen var stor, og me såg nok for oss ei framtid som i all hovudsak var ljos. Ja då, me visste sjølvsagt at sjukdom og ulukker kunne skipla alt, men slik er det anten ein trur på framtida eller ikkje. Me hadde òg den kalde krigen hengjande over oss som eit mogeleg ragnarok. Dei fleste av oss hadde vel likevel eit fjernt og litt teoretisk tilhøve til den kalde krigen og trusselen om atomkrig. Og me hadde nok ingen tankar om at me måtte rydda opp etter foreldregenerasjonen vår, slik 17-åringen i dag gjev uttrykk for. Me var sjølvsagt ikkje nøgde med alt foreldra stod for. Det var likevel berre for småtteri å rekna samanlikna med dei meir fundamentale utfordringane 17-åringen og hans generasjon kan koma til å møta.

Sannsynlegvis har 17-åringen ein del gode poeng, fleire enn eg likar å tenkja på. Ja, me har skapt eit velferdssamfunn som gjev oss aldrande gode og sutalause kvardagar. Slik sett er me nok ein luksusgenerasjon. Og ja, eg ser at eldrebylgja, klimautfordringar og uvisse om kva arbeid som kan by seg, gjer at framtida kanskje ser litt meir skummel ut enn det eg sjølv opplevde som 17-åring. På den andre sida: det er vanskeleg for ein 17-åring å førestilla seg korleis livet vil vera som 70-åring. Eg tenkjer på kor lite eg som 17-åring ante om det samfunnet eg opplever som 70-åring. Eg var ikkje i nærleiken av å kunna førestilla meg den digitale utviklinga som me har opplevt og korleis digital teknologi har endra samfunnet, både på godt og vond. Teknologioptimisme var kanskje noko som berre dei mest teknologi-nerdete ungdomane sysla med, om dei fanst. Eg kjende ingen teknologioptimist. Forresten, ein av fedrane til kameratane mine trudde at etter kvart kunne vanleg mat erstattast av tablettar. På den måten kunne me leggja ned jordbruket og sleppa dei store offentlege overføringane til bøndene. Men for mange av oss vanlege var det eit stort framsteg då rasjoneringa på privatbilar vart oppheva i 1960. Då kunne fedrane våre gjera seg nytte av ein teknologi som hadde eksistert i over 50 år, dersom dei hadde pengar nok.

Det einaste som er sikkert, er at framtida for 17-åringen som 70-åring vil verta annleis enn det han førestiller seg i dag. Sett at han veit like lite om framtida som eg sjølv gjorde som 17-åring, då har han ikkje grunnlag eller fantasi nok til å tenkja seg korleis kvardagane hans som 70-åring vil verta. Den store skilnaden mellom oss som 17-åringar er at eg og mine jamaldringar hadde eit meir ljost syn på framtida enn det dagens 17-åring målber. Det kan godt vera at framtida kan verta mykje betre enn det 17-åringen ser for seg i dag. Det kan også gå dårlegare, spesielt dersom me framleis skal dyrka super-individualismen og kannibal-egoismen som grunnlag for å utvikla samfunnet. Klarer derimot han og generasjonen hans  å samla seg om fornuftige fellesskapsløysingar for å utvikla eit varmt og inkluderande samfunn, vil han som 70-åring kunna fortelja eigne 17-åringar om korleis samhandling og samspel fører samfunnet framover. Nokon draumar må ein 70-åring anno 2016 kunna unna seg.

Share