Stikkordarkiv: fråvære

Det vart so stille

Det vart so stille,
den fyrste fredagen utan tekst,
trong ikkje fylgja med på klokka,
trong ikkje opna ein tekst
for å finpussa formuleringar,
trong ikkje trykkja på «publiser»,
trong ikkje fylgja med på
tekstlivet i nettheimen.

Å avslutta
er å vandra på vemodige
paradoks-stiar,
fridomskjensla baskar
med fråværet av plikt og
rutinar.

Det vart so stille
ein fredag utan tekst.

Share