Stikkordarkiv: fruktbløming i Hardanger

Bløming i Hardanger

Bløming på Lofthus 2017. Foto: Aud Manheim

Før eller seinare måtte ein utflytt harding skriva om bløming i Hardanger. Det er midt i mai, sosiale medium, aviser og blad er fulle av foto med blømande frukttre i Hardanger mot ein bakgrunn av snjokledde fjell og blå himmel. Fotografia er fylgde av kommentarar om kor flott og fantastisk det vakre Hardanger er desse dagane når sola kan vera raus, og me bokstavleg tala kan sjå korleis naturen livnar til att etter vinteren. I eit par hektiske blømingsveker legg frukttrea grunnlaget for hausting av moreller, plommer, pærer og eple. Bøndene fylgjer vake med for å sprøyta og på anna vis stella med trea slik at dei kan gje best mogeleg avling.

Kvar vår visste me ungane i Sørfjorden at me levde på ein paradisisk plett på denne jorda. Spesielt dersom pinsehelga fall saman med bløminga, kom det mange tilreisande som berre var ute etter ein ting: å oppleva blømande frukttre i uhorvelege mengder. Me som budde langs gamlevegen mellom Lofthus og Ernes, såg korleis folk gjekk eller køyrde bil, seint, seint, medan dei saup inn visuelle inntrykk, lydar og ikkje minst angen av fruktblom. Denne opplevinga var nok endå sterkare tidlegare, då trea var store, dei låg som blomeportalar over gamlevegen og såg ut slik som tre skal sjå ut.

Me som vaks opp med bløming kvar vår, forstod på dei tilreisande at dette var noko spesielt. For oss «innfødde» var bløminga berre noko som var der, kvar vår. Me kunne sjå om det var lite eller mykje blom. Me kunne leggja merke til korleis foreldra våre anka seg over regn og kulde i blømingstida og vera urolege for om frukthausten ville ta skade. Me lærte oss å vurdera om vêr og bløming var slik at me kunne vona på moreller til jonsok. Det var stas, då vart jonsokdagane ekstra søte og gode.

Det er vel kanskje alltid slik at det er dei framande, dei som kjem utanfrå, som må fortelja dei «innfødde» om kor fantastisk dei har det. Dei lokale reaksjonane er nok ofte svært so nøkterne og jordnære, slik som denne soga – sann eller ikkje – om ein gardbrukar som stendig fekk høyra av tilreisande kor flott utsyn han hadde, der han trona øvst på ein gard med rikt tilfang av bratte bakkar. «Nåja», sa han. «Det kan godt vera at me har fin utsikt, men det går ikkje å leva av henne.»

Bløminga i seg sjølv er i beste fall starten på gode avlingar og brukande levebrød. Ingen veit betre enn fruktbøndene at ei strålande blømingstid kan verta skipla på mange måtar før haustinga er over, og resultatet kan teljast opp i kroner og øre. Slik er det vel med det meste i livet, det er heilskapen som tel, til slutt.

Share

Den gong frukttrea hadde sjel

Kvar gong eg kjem til Hardanger og ser dei store frukthagane i Sørfjorden, vert eg imponert over korleis næringa har utvikla seg frå barne- og ungdomstida mi, Dei snorrette geledda med frukttre vitnar om effektiv drift, der stell og innhausting skal kunna utførast på ein enkel måte. Samstundes får dei stramme rekkjene av frukttre meg til å tenkja på nord-koreanske militærparadar; alle trea like store, alle med same utrykket, osande av ekstrem effektivitet. Då tenkjer eg attende på dei gamle, store frukttrea som vaks i hagane i Lofthus-bygda i barndomen min.  Dei var store og ruvande. Kvart tre hadde sine kjennemerke, var som eigne individ å rekna, og somme av dei hadde eigne namn. Eg vert meir og meir sikker på at desse store trea hadde sjel.

Ta til dømes Turkestovetreet på Egils-bruket. Det var eit ypparleg kjøttmorelltre; det bar godt kvart år. Varmen frå skifertaket på turkestova gjorde at morellene var tidlege, og tidlege moreller var godt for fruktdyrkaren. Det gav god pris. Eg hugsar godt at den fyrste arbeidsdagen min som hentar fekk eg prøva meg i dette treet. Me skulle sortera morellene i stigen, dvs. kasta dei dårlege og leggja dei gode i laupen. Det var fint vêr og hentinga gjekk lett. Då arbeidsdagen var slutt, hadde eg henta ni kassar à 8 kilo. Arbeidskameraten min, ein vaksen bygdegut, hadde henta 11 kassar. Me var i grunnen litt imponerte begge to. Det var nok den einaste gongen eg henta so mange kassar moreller på éin arbeidsdag. Det var berre eitt turkestovetre.

På Nybrot, det vesle stykket til besten og besto, hadde me eit stort morelltre  av sorten Wederske, eller «verders» som lokalnemninga var. Treet var ruvande og godt å klatra i. Straks bæra rodna i toppen på treet, klatra eg opp. Eg hadde i grunnen ikkje lov til å eta so mykje direkte frå trea. Morellene skulle hentast og seljast. Dei gav litt ekstra pengar som skulle gå til å byggja nytt hus på Nybrot. Men det vart likevel mange stunder i toppen på «verders»-treet, der eg kunne sitja og sjå på folk som gjekk og sykla forbi på vegen, utan at dei fekk auga på meg. Herleg fridom med søte moreller i munnen!

Desse store tre-individa utfordra oss hentarane på mange måtar. Me måtte læra oss korleis me skulle «angripa» kvart av dei store trea med lange trestigar når dei skulle hentast. Me såg oss ut greinene der me kunne støtta opp stigane utan at det var fårleg. Det var viktig å setja stigen slik at me kunne nå mest mogeleg frå kvart stigeoppsett. Mange stader måtte me staga opp stigane, dvs. me sette eit jarnspett i jorda, der me festa eitt tau som heldt stigen på plass i treet. Far lærte meg å festa meg i stigen med føtene slik at eg kunne plukka, eller pitla som me sa, med begge hendene. Og so måtte me læra oss å balansera høge stigar, der me skulle flytta dei rundt trea. I dag trengst det berre små gardintrapper. Ingen lærer å balansera høge stigar lenger.

I bløminga var dei store trea massive blomeberg med ein ange som kunne få nokon kvar til å verta ørne. Epleblomen var den beste i so måte. Somme stader langs gamlevegen mellom Lofthus og Ernes kunne trea danna reine tunellar av blømande epletre. Berre tenk deg seine vårkveldar då svermande ungdom gjekk i denne blomeangen, rusa både på blomeduft og seg sjølve. Somme gonger tenkte dei nok på framtida som ei bløming i Hardanger. Eg er sikker på at dei store trea smilte lurt gjennom blomeprakta medan dei tenkte sitt. Dei var nok mest opptekne av at om nokre månader var det haustingstid. God bløming gav ofte bod om rik frukthaust.

Share