Stikkordarkiv: fukta talentet

Kva var det eg skulle hugsa på?

Har du òg det slik? At du tenkjer sterkt på kva du skulle ha hugsa på, utan å koma på det? Innimellom, rettnok sjeldnare og sjeldnare, kjem eg på noko som eg trur er lurt, eller høyrer noko som eg gjerne vil hugsa: ei hending, ein replikk eller ei soge. Då seier eg til meg sjølv: dette skal eg hugsa på, men det passar ikkje å notera nett der og då. Litt seinare prøver eg å rekonstruera det lure som eg kom på eller høyrde. Men nei, det er fullstendig vekke. I beste fall kan eg koma på situasjonen og tema, men den lure ideen, eller gode replikken er ikkje å få fram i minnet. Alt det lure kunne like godt ha fylgt ei Velure-skrede i fjorden; heilt borte, oppløyst i fjordavatn.

Slik går då dagane, der det eine gode påhittet etter det andre kverv. Det finst sikkert mange fine diagnostiske termar for denne kvardagsgløymsla, men dei bryr eg meg ikkje om. Eg er berre so hoppande glad dei få – og stendig færre – gongene eg faktisk kjem på det skulle hugsa på. Då breier eg meg i mi eiga sjølvkjensle og seier til meg sjølv at det meste er betre enn ein kunne tru.

Når eg tenkjer etter i eit meir nøkternt og sjølvransakande perspektiv, må eg nok innsjå at korkje eg eller omverda går glipp av so mykje om eg ikkje kjem på all dei gode ideane og tankane som ikkje vil festa seg. Det er litt likt ei soge som ein spelemann fortalde ein gong. Dei var nokre som spelte inn i plate i eit studio i Oslo. Etter ei lang økt på dagtid, gjekk dei på byen. Dei passa på å fukta talenta sine, og på veg til hotellet kjende dei seg i storarta speleform. Dei bestemte seg for å gå i studio på nytt. Dei måtte verkeleg spela ut alt det kunstnarlege overskotet som brusa i kropp og sinn. Dei so gjorde. Neste føremiddag skulle dei forventningsfulle høyra på det ofselege spelet dei hadde stått for kvelden før. «Ikkje noko var brukande på plata,» sa spelemannen lakonisk då han fortalde om hendinga.

Slik er det nok med dei lure tankane eller ideane som ikkje vil festa seg. Dei fleste er berre småglimt som lyser opp situasjonen der og då. Og dei høver best til akkurat det; små ljosglimt som får ein til å oppleva gleda over å kunna orientera seg i omverda, og i tillegg tru ei lita stund at ein enno kan tenkja noko lurt. Augneblinksgleda skal ein ikkje kimsa av. Det gjeld anten ein hugsar, eller ikkje hugsar det ein skulle hugsa på.

Share