Stikkordarkiv: gjennomføra noko

Leveransar

Det er ikkje nok å berre leva. No skal me levera, seint og tidleg. Me har alle vorte leverandørar i livsmarknaden. Det er ikkje nok å gjera ein innsats, yta, gjennomføra noko, oppnå noko, ja, rett og slett berre gjera noko. No skal det leverast. Livet er ein leveranse, ei vare, ein pakke som me skuflar rundt i frenetiske forsøk på levera til nokon. Vona er vel at nokon ein eller annan gong  tek imot leveransane våre og til og med set pris på dei. Men det er vel slik med livsleveransane som med dei gamaldagse leveransane. Det er både angrefrist og reklamasjonsrett. Og livet skal ikkje vera lett for dei som ikkje alltid er like leveringsdyktige.

Stundom er det freistande å finna seg ein krok der ein berre lever og betraktar det hektiske leveranselivet.

Share