Stikkordarkiv: Halldor O. Opedal

Ordbøker

Norsk ordbokEg hadde gledd meg til ei høgtidsstund i påskehelga. Det er ei god stund sidan Det Norske Samlaget sende melding om at ein pakke med 12 bind i serien Norsk Ordbok – Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftspråket var på veg til Lillehammer. Ingen pakke kom til påske, so no må eg klara meg med tanken på den gleda det skal verta når pakken er framme. Eg har kome til at Samlaget har rekvirert hesteskyss til denne sendinga, og det er ikkje heilt beinveges i våre dagar. Somme gonger er eg utstyrd med ein dose tolmod, so gleda skal verta stor, når bøkene ein gong kjem i hus, til våren ein gong.

Eg kan levande førestilla meg korleis det vil verta å opna pakken. Det vil lukta trykksverte og nyinnbundne bøker. Eg ser for meg at eg nesten vil kunna lukta den intellektuelle sveitten som har gått med sidan 1930 i alle dei årsverka som ligg bak det ferdige bokverket. Luktopplevinga i seg sjølv vil verta meir som ein liten rus. Eg har sett at kvar bok er ein skikkeleg murstein; vil liggja stødig og godt i fanget når eg kroar meg i godstolen for å godgjera seg med det ovlege ordtilfanget. Over 333 000 oppslagsord kan eg kosa meg med. For kvart ord får eg vita mykje forvitneleg, kva det tyder, kvar og korleis det har vore brukt, både i dialekt og i litterær samanheng. Storarta lesnad når ein kjem over ord som er ukjende, og som ein vil vita meir om.

Eigenleg er det ufatteleg kor mange ord me ikkje bruker. Til og med dei som er skikkelege tothol, bruker berre ein liten del av det store ordtilfanget me har til disposisjon. (I den digitale utgåva av ordboka finn ein at tothol er “ein som masar og tyt”. Hardanger er ikkje oppførd som ein av heimfestingane for ordet, men eg kan lova at både ord og folkeslag kan observerast i Hardanger med.) Det finst glupingar som meiner å ha funne ut at ein gjennomsnittleg norskbrukar gjer seg bruk av 3-4000 ord. Nokon har òg rekna seg fram til at Henrik Ibsen brukte 28 000 ulike ord og Hamsun 31 000. Det som er sikkert, er at ordtilbodet er mange gonger større enn det som ein bruker. Og det skal ikkje so mykje ekstra språkleg omtanke til før ein kan utvida ordtilfanget og på den måten gjera både skrift og tale litt meir variert og interessant – om ein er heldig.

Ordbøker og oppslagsverk har alltid fascinert meg. Kollegaer hevda at eg er ein hund etter oppslagsverk. Kanskje er det fordi dei skaper ein illusjon av å ha tilgang til uendeleg mykje kunnskap. Favoritten min mellom oppslagsverka er enno det gamle Salmonsens Store Illustrerede Konversationsleksikon. Det er eit dansk leksikon, men med mykje informasjon om Noreg. Fyrste utgåva vart avslutta i 1911. Andre utgåva i 26 bind vart utgjeve i perioden 1915-1930. Grunnen til at eg set so stor pris på dette leksikonet, er at det inneheld mange opplysningar frå den nære fortida, opplysingar som i stor monn er utelatne frå nyare oppslagsverk, fordi dei vert rekna som uaktuelle. Det er vel slikt som heiter å leva i fortida.

Midt mellom store og små oppslagsverk er ei lita bok som er meir i bruk enn dei andre. Det er Halldor O. Opedals Hardingmålet. Ord og vendingar og stil. Ny og auka utgåve ved Oddmund Hus frå 2005. Når det dukkar opp ord og uttrykk i minnet, er eg rask å ta fram boka for å sjekka om eg finn orda der. Ofte finn eg dei, medan andre gonger må eg berre lita på minnet mitt. Og minnet er ein upåliteleg tenar; det kan sjeldan tevla med ordbøker og oppslagsverk.

Blogglistenhits

Share