Stikkordarkiv: hardingfele

Perfekte spelefingrar

Eg vil kalla han Lars; kanskje var det namnet hans også. Han budde på aldersheimen, eller gamleheimen som det heitte på den tid, sjølv om han ikkje var so gamal. Han klarte seg ikkje heilt på eiga hand, og i min barndom var gamleheimen einaste alternativet, med mindre sinnsjukehusa vart rekna som ein meir høveleg tilhaldsstad. Lars var snill, men svært underleg, tykte me borna. Han var musikalsk og song ofte til oss, gjerne litt grove viser, som me visste at me ikkje burde høyra på.

Lars kunne spela hardingfele, og sjølv meinte han at han var ein storspelar. Han var heilt på styr for å halda spelefingrane heilt perfekte. Difor brukte han ikkje nevane sine. Han kunne ikkje risikera å skada dei framifrå spelefingrane sine med vanlege arbeidsoppgåver. Han gjekk med ballar av tøy inne i nevane for å halda fingrane mjuke, eller kanskje var det for å spara dei. Det var ikkje so godt å forstå for oss andre, som ikkje forstod oss på speling og spelefingrar.

Lars hadde eit rom som vende oppover mot den vegen som me borna og alle andre gjekk på. Det var godt innsyn til alle romma på oppsida av gamleheimen. Ein gong såg eg Lars eta middag. Han hadde fått servert fiskebollar i kvit saus. Det var ei stor utfordring for han å eta utan å bruka nevane. Han fekk personalet til å setja middagstallerken i vindaugskarmen. So stilte han seg opp framfor vindauga, la nevane på ryggen medan han bøygde seg ned til tallerken, lepja i seg fiskebollar, saus og poteter. Litt av eit syn for ein ung gut! Ferdig med måltidet, hadde Lars heile andletet fullt av kvit saus. Då gnika han andletet mot vindaugsruta og mot vindaugskarmen for å få av det grøvste av den kvite sausen. Måltidet var over, og han la seg på senga for å kvila middag.

Kvar gong eg les om personar som er meir enn vanleg opptekne av å ha perfekte kroppar, tenkjer eg på Lars som var sjukleg oppteken av spelefingrane sine. Lars ville ha vore like underleg i dag som han var på 1950-talet. Å nekta å bruka nevane ville ha gjort han like hjelpelaus i dag som den gongen og ville ha vorte rekna som like sjukeleg. Vonlegvis hadde han fått anna oppfølging i dag enn det han fekk den gongen.

I dag er det likevel meir vanleg og meir akseptert å vera opptekne av det perfekte. Me opererer oss og bruker kjemiske produkt for å få perfekte kroppar. Slik sett var kanskje fiskebolle-etinga til Lars eit ufarleg uttrykk, i alle fall samanlikna med kirurgiske inngrep og kjemikaliebruk. Han gjorde ingen ting med kroppen sin, han berre nekta å bruka nevane. Hadde Lars brukt nevane sine so nokolunde normalt og heller brukt kjemikalia eller operasjon for å få perfekte spelefingrar, ville han ha vore som mange andre i vår tid. Eit tilleggskrav måtte Lars likevel ha oppfylt i vår tid: han måtte ha hatt godt med pengar. Det hadde han ikkje den gongen, det ville han knapt ha hatt i dag heller.

Share