Stikkordarkiv: hatmeldingar

Berre ein blom

Han dukkar opp mange stader, løvetannen. Eit gult, vårleg kjenneteikn og ei stendig utfordring for alle dei som har lært, og som trur på, at løvetannen må kjempast mot. Ugras er tilnamnet, og det er ikkje eit kjælenamn. Løvetannen er ein fiende som helst bør utryddast. Vår og sommar er det i media høgsesong for ulike finurlege metodar som skal ta drepen på denne gjenstridige planta som trugar med å dekkja eng og plenar med eit sterkt gulskjær. Til og med gjennom nylagd, tjukk asfalt finn løvetannen veg. Han struttar høgmodig og stri mot oss, som for å seia at nei du, meg stoppar du ikkje so lett. Eg veit kva eg vil, og eg syter for å lukkast!

Elles i livet har me ein viss godhug for slike som maktar å streva seg fram, spesielt dersom dei må klatra nokre motbakkar. Men løvetannen får ikkje mange godord fordi han er pågåande og sta. Nei, han er eit herk som må kjempast ned. Det er nesten som eg av og til får ei snikande kjensle av blome-rasisme når eg høyrer og les somme av hatmeldingane mot løvetannen. I vaksen alder har eg kome til at løvetannen berre er ein blom, slett ikkje verst å sjå på. Eg tykkjer  (eller «tenkjer», som det heiter i våre dagar) at løvetannen kan få leva som alle andre blomar, til glede for bier, humler og oss andre som har det med å surra litt.

Share