Stikkordarkiv: haustlauv

Gamalt lauv

Det raslar i litt
lauv som
har samla seg i ein krok
ved inngangsdøra.
Vind og vêr har
rive det laust
frå tre og buskar,
sendt det rundt i
alle retningar.

Tømt for sevje og
liv
flyt brun-gult lauv rundt
utan mål og meining,
endar opp i ein
dørkrok,
før velmeinande hender samlar det opp,
sender det
attende til eit jordisk
opphav
– ein sømeleg slutt for
eit lauv-liv.

Share