Stikkordarkiv: insisterande

Medan leiken er god

Ein skal slutta medan leiken er god, fekk me høyra då me vaks opp. Det gjer eg no etter 287 tekstar med fredagsord i Jakobs bok. Det heile starta som ein laus idé og eit eksperiment, for fem og eit halvt år sidan. Eg visste at det nærma seg slutten på ordinær yrkeskarriere. Samstundes ville eg visa, ikkje minst for meg sjølv, at det kunne vera mogeleg å skriva andre ting enn dei vanlege departementale notata og dokumenta, sjølv for ein byråkrat. Den totale fridomen i å kunna velja tema fritt, kunna vera flåkjefta, alvorleg, sarkastisk og insisterande om ein annan, har vore ein triveleg runde i ein ukjend og stundom litt haltande formuleringsdans. Dette å lata meir eller mindre tilfeldige innfall styra skriveprosessane ein gong for veka, har fargelagt dagane på ein positiv måte. Svært positivt var det at Ullensvang mållag såg seg syn med å laga ei bok i 2017 med eit lite utval av tekstane mine. Det var stas. Boka er illustrert av Ingunn van Etten.

Samstundes veit eg at når skriveprosessar får noko regelbunde over seg, er det lett for at ideane tryt, tankane kan repetera seg og formuleringsoverskotet vert lett erstatta med krampaktige skriveøvingar. Eg har nok kome til det stadiet, kjenner eg. Elementær sjølvinnsikt fortel meg difor at denne teksten er dei siste fredagsorda i Jakobs bok. Alt har si tid. Uansett har eksperimentet vart mykje lenger enn det eg såg for meg for godt fem år sidan.

Bloggtekstane vil vera tilgjengelege ei stund framover før heile bloggen vert sletta. Boka «Kvardagsord. Tekstar frå ein seniorblogg» vil vera å få kjøpt hjå Ullensvang mållag enno ei tid framover. Takk for fylgjet til dei som har vore innom bloggen fast eller sporadisk, og takk for alle hyggelege tilbakemeldingar!

Share