Stikkordarkiv: is

Vårgrå grus

Tunet var dekt
av snjo og is,
slik det høver seg
her nord,
vinterstid.
I går endra tunet seg,
det stakk fram litt
grus,
is og snjo minka,
gråe grusen breidde seg,
godgjorde seg i sola,
kviskra farvel til
kulde og snjo,
ropte ut til omverda:
her kjem eg fram på nytt,
vårgrå grus,
traust og trygg,
knirkar under føtene,
varslar om
vår i vente.

Share

Februarsol

Hengjande frå takskjegget
kjenner ein istapp
korleis februarsola smeikjer
den stivfrosne kroppen;
solvarmen pressar fram
ein vesal vassdrope
som fell ned på
steinhella;
dropen teiknar eit våtmerke,
kviskrar om nytt
liv;
det kjem fleire dropar,
snart sildrar ein liten
livgjevande straum
ned på steinhella,
lagar ein blank, levande
vasspytt.

På skuggesida
høyrer andre istappar
korleis sola skaper
frosten om til
vatn og liv;
dei òg stundar etter
varme,
men må nok venta;
sola tek den tida
ho tek;
slikt veit
den som ventar.

Share