Stikkordarkiv: jolatre

Jolatretjuv

Saka er heilt sikkert forelda, so no kan hendinga skrivast om utan at lensmannen på Lofthus bryr seg. Det hadde seg slik at ein av grannane våre kvart år tok opp tinging på jolatre. Han fann tre i eigen skog, og so kunne me kjøparane koma i gardstunet og henta dagane før jolafta. Far var funksjonær og hadde lange arbeidsdagar, so han venta heilt til veslejolafta før han melde seg hjå grannen og skulle henta og betala jolatreet. Då hadde grannen levert ut alle jolatrea; truleg hadde nokon henta ut tre utan at det var tinga på førehand. Då var det full fart for å finna annan leverandør, men fånyttes.

Etter diskusjonar fram og attende, kom me til at me måtte ordna oss jolatre på eiga hand. Morbror min var heime på jolaferie, og han og eg gjekk opp i ein av skogateigane som jolatregrannen åtte. Der visste me at det fanst grantre som kunne høva til jolatre. Me tenkte som so at sidan grannen hadde brote lovnaden om å skaffa oss jolatre, kunne me ta oss litt til rette og dermed syta for at han heldt lovnaden sin, på ein måte. Dette var i den tida det var snjo i Lofthus-bygda jolatider, og me vassa oppover lia. Det var ikkje enkelt å finna høveleg tre. Både morbror min og eg var nok litt kresne; treet skulle vera passeleg høgt, tett og symmetrisk i veksten. Me gjekk rundt, såg og forkasta. Eg forstod at eit liv som jolatreleverandør ikkje var noko å trakta etter. Ikkje so å forstå at det var noko alternativ. Me disponerte berre nokre skarvnakkar med litt lauvskog, nok til å lauva litt ekstra smalafôr ein og annan hausten.

Dagsljoset gjekk over i skumt, og til slutt måtte me ta eit tre som ikkje såg so verst ut. Øksa gjorde jobben, og me drog treet heim. Treet må nok ha fungert fint; eg kan i alle fall ikkje hugsa noko spesielt negativt, ikkje anna enn at eg tykte det var litt skummelt at me hadde teke treet. Det er likevel feil å seia at samvitet plaga meg slik at eg gjekk angrande inne i jolefreden. Eg var nok mest oppteken av om det var bøker under treet til meg.

Neste gong eg møtte jolatregrannen, såg eg nok i vegen og skunda meg fort forbi.  Eg såg heilt sikkert ut som om syndene draup av meg. Far ordna nok opp med jolatregrannen i etterhand, og i dag står hendinga fram som temmeleg uskuldig. Men då bør me hugsa på at dette skjedde i ei tid som var prega av høg respekt for annan manns eigedom. Eg hugsar enno at me ungane om sommaren vart instruerte om å ikkje pitla moreller som hadde falle ned på bakken, når trea stod på annan manns grunn. Mange fine morellar på bakken gjekk eg forbi, i alle fall somme gonger. Ofte ordna det seg fordi ungane til morelleigaren var med, og dei delte gjerne med seg. I det heile ordna det meste seg på den tida; i alle fall vil me gjerne hugsa det slik.

Share