Stikkordarkiv: Jon Fosse

Å sola seg i glansen

Jammen gjer det godt stundom å bryta ut i glede når nokon av «oss» gjer det overlag godt i internasjonal samanheng. Slik som Jon Fosse, som får Nobels litteraturpris. Det vert ein pris til landet, til norsk litteratur, til nynorsk språk, og ikkje minst til vestlendingar, hardingar, kvemmingar og strandebermingar. Me har so mange solhattar me kan ta på oss, og me bryr oss ikkje det slag om å ta på oss solfaktor for ikkje å verta solbrende.

Den eruptive gleda får ein NRK-journalist til å fortelja til all verda at hen vart so glad at hen nesten tissa på seg. Andre har ikkje ord, men fomlar fram nokre usamanhengande setningar som inneheld dei sterkaste adjektiva om glede som dei kan koma på i farten, midt i den heite solinga.

Etter ei tid går den euforiske glans-gleda over. Puls, nyrer og andre kroppsfunksjonar rekalibrerer seg til ein normaltilstand. Då kjem det inn snusfornuftige tankar om  at det berre er nokre få personar, fyrst og fremst Jon Fosse sjølv, som har medverka til at Nobel-komiteen og den litterære, globale verda har fått med seg at ein forfattar frå ein vestlandsfjord skriv litteratur som verda treng, har godt av og set pris på. I normaltilstanden veit me at glans-glede på vegner av eit «oss» er ferskvare, som ein perfekt Crème Brûlée: den velsmakande gleda varer berre ei kort beite.

Før me veit ordet av det, kan ynsket om å vera del av ein suksesshistorie gå over til botnlaus fortviling, når landslaget tapar (u)fortent i fotball, når nokon smør seg bort i skisporet og andre surrar med aksjekjøp. Nei, me skal nyta strålane frå suksess-glansen frå ein av «oss» so ofte og so lenge me kan få det til. Det er godt for velværet. Og nedturane kjem før ein veit ordet av det.

Share

Han Jon

Omsider fann den halsande medieverda
han Jon,
på ein stad dei knapt visste
fanst,
på Frekhaug,
– korleis skal du feira?
spørsmålet kom med funklande
champagnedropar i
tonefallet,
– heime med familien,
det vert nok ein god middag,
slik svarar
ein Nobel-forfattar,
oppvaksen straks ovanfor fjøresteinane
i ein vestlandsfjord.

Share