Stikkordarkiv: jord

Berre ein spade

Inst på låven
står han,
spaden,
reiskap til å grava og moka med,
samansett av eit blad og eit skaft,
– seier ordboka.

Med omfattande graverøynsle
står han der,
spaden,
hugsar mang ei stund
der han grov i aur og
sand,
stundom i jord og
skit,
hugsar når
gravaren stødde seg,
trøytt og lei,
hugsar når
gravaren slengde han i frå seg,
fresande illsint.

Utan å ana det,
står han der,
spaden,
som sentrum
i politiske ordskifte,
som vitnemål om faktum og
sanning,
ja, til og med
som gudsens sanning,
om slikt finst.

Eit enkelt blad med skaft på,
berre ein spade.

Share