Stikkordarkiv: kinnet

Det er lov å ha tunn hud

Det er lov å ha tunn hud
over sorga
som slo inn i kvardagen
for lenge sidan.

Det er lov å finna glede
i alle dei augneblinkane
som legg ljose fargar
inn i sorga.

Det er lov å prisa alle
stunder
der livet utfaldar seg
på trass.

Det er godt å stryka over kinnet
på eit annleisliv
der gleda vermer
alle som kjem nær.

Share

Mange dagar har gått

Mange dagar har gått
sidan ein
ledig og rakrygga
svevde over oppgåver og dagar
med fast grep

likefullt er gleda den same
når bjørka får grønkåpa på,
når ho varslar om
komande varme og
yrande liv,

mange farne dagar er ikkje til
hinder for å kjenna
varmen frå ein lysande
smil
eller ei venleg hand
over kinnet.

Share