Stikkordarkiv: kjeldekritikk

Korleis-kunnskap

For ei tid sidan såg eg ei utlysing der eit museum søkte etter ny dagleg leiar, eller for å vera heilt presis: dei lyste etter ny direktør. Det var i gamle dagar at daglege leiarar var «styrarar» på museum. Utlysingsteksten framhevar at det krevst høgare utdanning i leiing og dokumentert leiarerfaring med kunnskap om endringsprosessar. Vidare står det det at det er ein føremonn om søkjarar har erfaring frå museumsleiing og utdanning i kulturhistoriske fag. Underforstått: det er ikkje eit krav.

Utlysingsteksten går inn i ein klår tendens dei seinaste åra der kompetanse i det å vera leiar er viktigare enn kunnskap om innhaldet i institusjonen. Det gjeld både museum og andre kulturinstitusjonar. Tendensen uttrykkjer ei førestilling om at når ein har fått ei leiarutdanning, kan ein leia kva som helst, anten det er ein margarinfabrikk eller eit museum. Utan noka form for formell leiarutdanning burde eg sjølvsagt halda meiningane mine for meg sjølv. Eg vågar meg likevel utpå.

Sjølvsagt er det nyttig og nødvendig å læra å vera leiar, å læra kva ein skal gjera og korleis ein skal få ein institusjon eller organisasjon til å verta best mogeleg. Det er viktig å kunna analysera sterke og svake sider, kunna uttrykkja klåre mål for verksemda og få medarbeidarar til å dra i same retning. Likevel, for meg er dette korleis-kunnskap som konsentrerer seg om kva ein skal gjera, og korleis ein skal og bør gjennomføra ting. Det er ei instrumentell form for kunnskap. Det er ikkje kunnskap som speglar innhaldet og substansen i eit museum. Skal ein kunna ha kvalifisert oppfatning om kvifor museet eksisterer, og kva funksjon det skal ha i samfunnet, trengst det noko mykje meir enn korleis-kunnskap. Då må ein tileigna seg teoretisk og metodisk kunnskap om kulturhistoriske tilhøve, kulturelle prosessar og kjeldekritisk omgang med ulike former for kjeldematerial. Det trengst for at eit museum skal vera ein truverdig og relevant bidragsytar når det gjeld å forma ny kunnskap om tilhøvet mellom dei materielle omgjevnadene våre og oss sjølve som samfunnsindivid.

No finst det sikkert døme på at fagleg sterke personar ikkje har vore like gode som institusjonsleiarar. Og sjølvsagt kan det finnast døme på at nokon maktar å kombinera samspelet mellom godt utvikla kulturhistorisk og museumsfagleg kunnskap og gode leiareigenskapar. Det er likevel eit steg i feil retning å setja korleis-kunnskap om det å leia som viktigaste krav når ein skal rekruttera museumsleiarar. Leiarkompetanse må gjerne vera eit tilleggskrav, men hovudkompetansen bør liggja i den kulturfaglege delen av museumsverksemda. Ei utprega museumsleiaroppgåve er å vega ulike omsyn opp mot kvarandre og til kvar tid prioritera mellom ulike delar av den museumsfaglege verksemda. Forstår ein ikkje dei innhaldsmessige sidene av eit museum på fullgod vis, kan avgjerdene ofte få eit lotto-preg. Det kan godt vera at leiaren fylgjer oppskrifta for god leiarskap, men likevel utan heilt å forstå det museumsfaglege grunnlaget for avgjerdene. Då kan resultatet verta slik som det normalt er i lotto: det vert sjeldan gevinst, i alle fall store gevinstar.

Share